Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

25.03.2020: Statusrapport frå kriseleiinga i Surnadal kommune

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. mars 2020

Det er framleis ikkje påvist smitte i Surnadal kommune.   Kommuneoverlege Bjørn Buan både håper og trur at både nasjonale pålegg og lokale karantebestemmelser vil redusere smittespredninga, samtidig som vi no nytter tida godt for å planlegge effektive smitteverntiltak i ein seinare fase av denne pandemien. 

Les heile saka

Heimekontora rundt om

Elinor Bolme Onsdag 25. mars 2020

Vi har no fått inn nokre fleire bidrag i serien vår om ulike heimekontor. Som de ser er det ulik grad av arbeidd som blir gjort, men alle bidrar til å forhindre spreiing av koronaviruset på sitt vis. Messi Batman som er hytteflyktning frå Grytåfeltet tek livet på Kvilbu med stor ro, men er nok likevel ein viktig brikke til at dei isolerte kosar seg.

Les heile saka

24.03.2020: Statusoppdatering frå kriseleiinga i Surnadal kommune

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. mars 2020

Det er framleis ikkje påvist smitte i Surnadal kommune. Gjennom vedtak i dag vidarefører kommuneoverlege Bjørn Buan i Surnadal kommune dei vedtaka som vart fatta 16. mars 2020, etter lov om smittevern. Vedtaket gjeld inntil 31. mars. Heile vedtaket finn ein under nyheiter og statusrapportar på kommunen sine korona-sider.

Les heile saka

Nils-Erik skifter «beite»

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. mars 2020

Nils-Erik Ulset er ansatt som fagkonsulent i Møre og Romsdal idrettskrets. Dermed er det klart at Ulset skifter beite, etter å ha jobbet et par år hos Kårvatn Fjellutstyr i Todalen.

Les heile saka

Ansnessetra og Ansnesleigmålet fra historielaget

Scannarpatrulja ved Ingri og Ragnhild Måndag 23. mars 2020

Pga koronaviruset er nesten all aktivitet utsett eller avlyst, og det blir mindre å skrive om for todalen.no. I det høve vart skannarpatrulja spurt om vi kunne leggje ut bilete på nettsida ei stund framover. Vi har sett saman bilete av setrene/hyttene og folk i ulike motiv frå kvart leigmål

Les heile saka


Etablerer «Beredskapsgruppe Landbruk i Surnadal»

Jon Olav Ørsal Sundag 22. mars 2020

Etter initiativ fra varaordførar Hugo Pedersen vart det før helga nedsett ei beredskapsgruppe landbruk i Surnadal. Gruppa består av leiarane i Bondelag og Småbrukarlag og i saueavlslag, mjølkeprodusentlag, skogeigarlag osv. I tillegg er varaordførar og jordbrukssjef med og ikke minst avløysarlaget.

Les heile saka

Klar for neste vakt

Elinor Bolme Sundag 22. mars 2020

Det er ei uverkeleg tid, der alt er snudd opp ned. Eg forstår at mange kan vere både usikre og redde, men det har vore ei utruleg mobilisering for at vi «skal stå han av», skriv ordførar Margrete Svinvik i eit leserinnlegg i dag.

Les heile saka

Arbeid i breibandsnettet til Svorka i dag

Jon Olav Ørsal Sundag 22. mars 2020

Svorka melder om at arbeid i breibandsnettet vil føre til brudd på TV- og breibandsleveransen i 20-30 minutt søndag frå kl 10:00 og utover.  Selskapet beklager ulemper som dette medfører! 


Godt med mosjon, og frisk luft er sunt

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. mars 2020

Myndigheita oppfordrar folk som er friske eller i karantene til å kome seg ut for å få frisk luft og mosjon. Det må imidlertid skje på ein trygg måte, der du held avstand til andre til minimum eit par meter. Våre bilder er frå Kårvatn i dag, der det eigentleg skulle vore full trøkk med Norgescup og greier

Les heile saka


Fredag 20.03.2020: Statusrapport frå kriseleiinga i Surnadal kommune

Jon Olav Ørsal Fredag 20. mars 2020

Vi har fått dagens ferske statusrapport frå kommuneleiinga i Surnadal kommune. Førebels er det ingen smitte påvist i Surnadal kommune, men det tas høgde for at det kan kome og vi kan lese at kommuneoverlege Bjørn Buan vurderer smittesituasjonen fortløpande med tanke på justering av tiltak

Les heile saka