Da frivilligsentralen opna 10. mars, var det berre såvidt dei rakk å opne døra for brukarane – før dei måtte stenge igjen. I dag – etter 7 månader med koronastenging var det markert at dei opna dørene igjen. – Vi var max uheldig med timingen for opninga, men er glad for at vi no har fått opne dørene igjen, seier Hilde Staveli Solli som er dagleg leiar ved Frivilligsentralen.
Les heile saka
På grunn av vedlikehaldsarbeid på Fylkesveg 6145 i Svinviktunnelen er det i tidsrommet 09:30 – 21:00 i dag (20.oktober) manuell dirigering gjennom tunnelen. Dette skuldast naudsynt vedlikehald i tunnelen. Det må påreknast ventetid på opp til 15 minutt, og alle må vente på ledebil.
Les heile saka
Surnadal kommune melder:
Årets influensavaksinering vil foregå i Surnadal idrettshall 27.- 29. oktober. Vaksineringsdagane er delt inn slik at folk frå ulike grender møter opp på ulike dagar.
Les heile saka
Søya/Todalen sitt G12 lag avslutta fotballsesongen 2020 med kamp mot Bryn 1 på Søyabanen søndag. Vêrgudane varta opp med eit skikkeleg ufyseleg vêr med regn og kulde. Så det vart ei våt og kald oppleving både for spelarane og publikum. Dette var den siste fotballkampen for laga til Søya/Todalen i årets sesong. No tek alle laga ein fortent pause, for å «lade batteria», før sesongoppkøyringa til neste års sesong tek til etter kvart.
Les heile saka
Måndag 26. oktober kl. 19.00 arrangerer Todalen sanitetsforening ope møte i Todalen ungdomshus. Temaet for kvelden er «Koronapandemien i Surnadal. Har sanitetskvinnene kort i ermet?», og det er kommuneoverlege Bjørn Buan som er kveldens foredragshaldar.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 19. oktober. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Den lokale handledagen gikk ikkje upakta hen, for det har vore skikkeleg trøkk gjennom heile dagen. Bakelspressa har gått for fullt, så Karen Johanne og Helga har hatt fullt opp med å servere nystekte bakels med smørgraut til alle som var innom til gratis kaffeservering i Kaffekroken.
Les heile saka
Fredag kveld var det premiere for Bygdebok for Surnadal – bind 4 som omtalar området frå Polden, over Lykkjeeidet og oppover til Sogge. Boka hoppar elegant over Grimsmoen og Skei som blir med bindet som omtalar sentrum. Bind 4 vart eit solid verk som viser over 2 kilo på vekta, men det vart eit bra produkt – faktisk betre enn dei 3 første med tanke på bilder, gode forteljingar og anna dokumentasjon fortel dei to redaktørane Siv Snekvik og Norunn Holten.
Les heile saka
Fredag ettermiddag hadde Søya/Todalen sitt G9/10 lag sesongavslutning for å feire at fotballsesongen 2020 er over for deira del. I år vart feiringa lagt til Rush Trampolinepark i Trondheim, noko som vart særs godt motteke av spelargruppa, og støtteapparatet og for den del.
Les heile saka
Nærbutikker over hele landet takker for god handel i dette koronaåret og oppfordrer bygdefolket til å holde fram med å handle lokalt. Lørdag 17. oktober blir det aksjonsdag over hele landet for lokal handel, og vi i Matkroken Todalen er selvsagt med på kampanjen. «Handle lokalt – velg nærbutikken» er slagordet for kampanjen, som blir arrangert i samarbeid med Merkur og Distriktssenteret, som begge er statlige organer.
Les heile saka
Nils Gjeldnes har spesialisert seg på preparering av gevir, og no er det høgsesong på den fronten. Nils tek i mot gevir av både rådyr, hjort, elg og rein. Sågar har han montert gevir av bekre og sauer også – men det er flotte hjortgevir han tykkjer er mest imponerande og flotte å sjå på. Og Nils har nok sett mange gevir for han har gjennom eit langt liv vore ein ivrig jeger, både på storvilt og småvilt. Han er ikkje helt sikker på talet, men i underkant av hundre hjortar har han nok felt i si jaktkarriere.
Les heile saka
Vi har i ein e-post frå Surnadal kommune si kulturavdeling fått informasjon om den fylkeskommunale ordninga med tilskot til «Brannsikring av tette trehusområde». Dette er ei tilskotsordning som tidlegare vart administrert av Riksantikvaren, men som no fylkeskommunane har overteke. I Surnadal kommune gjeld denne tildkotsordninga for Todalsøra og Surnadalsøra. På kartet nedanfor ser ein kva område som ligg innafor det som blir definert som Todalsøra og kva eigedomar det då er mogleg å få tildkot til Brannsikring for. Området som er omfatta av tilskotsordninga er merka med blått.
Les heile saka