Jula står snart for døra, og på Surnadal kino dominerer i desse dagar julefilmane programmet. Filmane som akkurat no står på programmet er alle familiefilmar. Så her er det mogleg å ta med familien på kino, for å koble av litt i juleførebuingane.
Les heile saka
I Bekkerhagen var det full fart med strikkhopping da vi passerte, og på spørsmål om eg fikk ta eit bilete så var det velvilje til det. Men umiddelbart kom det eit kontraspørsmål frå Markus om det gikk an å ta eit bilde i lufta. Og Ådne og selma var sjølvsagt med på leiken – men det måtte to forsøk til før vi lukkast.
Les heile saka
Laurdag 21.november klokka 13:00 opnar Surnadal Kunstforening si utstilling «Haustlys» i Finstuå på Surnadal kulturhus. Utstillinga er opa fram til søndag 6.desember, , todalingen Sissel Halset Storslett er ein av utstillarane.
Les heile saka
Fordi om registrering av stikkutturar til fots er slutt for i år og premiering av trimturane til TIL-postane så er det ingen grunn til å legge trimturane på hylla for i år. Det er enno fint føre for å ut i naturen og jammen er det godt å kome seg ut. I dag vart det rundt 10 varmegrader da frukosten godt og vel var unnagjort og dermed vart det tur til Hyllå (Ja-benken) med start frå Flathauan. Dette er ein forholdvis ny trimpost, der du får den flotte utsikta over nedre del av bygda som premiering når du kjem fram.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur 16. november i frå Talgøgarden til Svabu. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Julehefte av ymse slag er forlengst på plass i butikkene. På Matkroken Todalen er det ikkje noko unntak og sjølvsagt er det Vangsgutane som får mest fokus der. Årets hefte er i år som dei siste åra todelte – med halve heftet med nytt stoff, der Nils Nordberg fortel. Andre halvparten av heftet er kjent stoff frå tidlegare årgangar av Vangsgutane med Leif Halse som tekstforfattar. Kva du likar best er det nok delte meiningar om.
Les heile saka
Frå trimgruppa i Todalen idrettslag har vi fått gleda over å hedra vinnarane av trimpostane, som kvar får sitt krus i premie. Trimbasaren vart som alt anna avlyst pga koronapandemien. Med godt over 4000 besøkande på trimbøkene er dette eit godt trimår, trimgruppa trur at talet i verkeligheta er høgare, men at mange valde og ikkje skriva namnet som smittevernhensyn ein periode. Løfta var den posten med aller flest besøk, over 1000stk hadde ….
Les heile saka
Det er tid for nytt bokslepp med nytt årsskrift frå Todalen historielag. Dette var tillyst i helga, men koronasituasjonen sette ein effektiv stoppar for arrangementet. Onsdag kveld var styret og skriftstyret i historielaget samla for å pakke årsskrift med tanke på alternativ distribusjon av hefta. I staden for utlevering av årskriftet på boksleppet, får no alle medlemane som har betalt sin medlemkontingent årsskriftet i postkassen sin – de blir køyrt rundt i Todalen i helga og resten sendes med Posten.
Les heile saka
I dagens Klassequiz, som vart send på NRK1 Møre og Romsdal no klokka 14:30, oppnådde laget frå Surnadal ungdomsskule 8 poeng. Laget bestod av Jannicke Valstad Stenberg, Kvanne, Arne Berg, Vindøla og Martin Kvande Talgø, Todalen.
Les heile saka
Da den planlagde haustfesta til Start 4H, sist laurdag, måtte avlysast på grunn av smittevernsreglane, vart det teke kontakt med oss for å få medlemmene sine prosjekt presentert på todalen.no. Dette ville vi sjølvsagt bidra med, og her kjem ein presentasjon av dei seks junior- og seniorane i klubben sine prosjekt.
Les heile saka
Du har nærast kunna sjå den over heile bygda, men no er den borte for godt. Det er det store lerketreet på Husbybakkan vi snakkar om – i dag måtte det gi seg for overmakta, og gjekk overrende på ein kontrollert måte. Det var Gunnar Nordvik og Lars Kvendset som var entreprenørar og som ga det store lerketreet nådestøytet.
Les heile saka
– Vi er no i starten av andre bølge. Denne bølgen kan føre til at vi nasjonalt blir nødt til å stenge ned. Nokre av tiltaka som no er innførte utgjer dei strengaste tiltaka i verktykassa. Dei siste nasjonale anbefalingane og reglane inneber difor ei bønn frå myndigheitene om å få oss alle med på ein dugnad for å forhindre nasjonal lockdown, skriver kriseleiinga i Surnadal kommune i ei pressemelding tysdag.
Les heile saka