Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya/Todalen J10 med to kampar i Kristiansund

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 6. juni 2021

I går tok Søya/Todalen sitt J10 lag turen til Kristiansund for å spele to seriekampar på same dag. Første kamp var mot Frei, medan kamp nummer to var mot Nordlandet. 

Frei – Søya/Todalen J10

Første kamp var mot Frei, eit godt fotballag, men Søya/Todalen sine jenter kjempa verkeleg godt og gav dei kamp heile kampen. Kampen bølga fram og tilbake med mange sjansar og godt spel frå båe lag, og mange av sjansane resulterte i teljande resultat i målprotokollen, så det vart ein målrik kamp. Da dommaren bles i fløyta for siste gong, viste målprotokollen at heimelaget hadde, med knappast mogleg margin, hadde scora flest mål. 

Klar til kamp. Foto: I.L. Søya

Nordlandet – Søya/Todalen J10

Så bar det vidare til neste kamp, der Nordlandet stod på motsatt banehalvdel. Det vart og ein målrik kamp med mykje godt spel og god innsats. Denne gongen var det Søya/Todalen sine jenter som trakk det lengste strået og hadde scora flest då dommaren bles av kampen. 

Etter to gode kampar, vart det mat og eit bad i det fine vêret. Så det vart ein fin tur til Kristiansund for jentene, både sportsleg og sosialt. 

 
Publisert: 6. juni 2021, 07:21