Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag treng grautkokarar

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 5. juni 2021

Todalen Idrettslag treng smørgrautkokarar for å koke graut når det skal vere open kiosk på Bordholmen stadion. Bortsett frå Todalsdagen er det nok med ein grautkokar til kvar kveld kiosken er open. Det ser ut til å bli mellom 5 – 10 kveldar kiosken vil vere open denne sesongen. Idrettslaget stiller med mjølk, smør og kveitemjøl. Ingrediensane får ein utlevert på Matkroken Todalen frå 2 dagar før.

Dersom du har lyst til å bidra som grautkokar, så kan du ta kontakt med Ingunn Mikkelsen på telefon: 908 29 206. 

 

 

 

Publisert: 5. juni 2021, 11:23