Da vi var innom på Bordholmen no på tidleg ettermiddag var det full aktivitet på og rundt skeiseisen på Bordholmen. Både store og små kosa seg på skeiseisen. Ved klubbhuset var det fyrt opp i bålpanna, og her var det ferdiggrilla pølser for den som ville ha, eller berre rett og slett stå der ei lita stund for å få i seg varmen.
Les heile saka
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag melder om fine forhold på skeiseisen på Bordholmen. Det er meldt kaldvêr framover og Barne- og ungdomsgruppa vil difor preparere skeiseisen i dagane framover. Så da er det berre å ta fram skeisene og ta seg ein tur på Bordholmen i det fine vintervêret!
Les heile saka
Yr melder om ein stabil kald vêrtype, utan nedbør den komande 10-dagersperioden. Med stabil søraustleg vindretning mellom 1-3 m/sek vil det atter alt å dømme bli stabilt vintervêr her i området. Etter vêrmelding å dømme vil det bli temperaturar frå minus 2-3 og nedover til minus 5-6 grader – eller kanskje litt kaldare.
Les heile saka
No når vi står i ferd med å ta i bruk eit nytt år, står det berre att å takke for det gamle. 2020 har vore eit spesielt år på mange måtar, men det som har prega året mest er nok koronaviruset. Koronaviruser er nok det som har prega Todalen.no mest også, for det skapt saker som lesarane har har hatt stor interesse for – men det har også sett ein stoppar for mange arrangement som har vorte avlyst. Dermed har det nok påvirka talet på saker som er lagt ut på nettsida.
Les heile saka
I ei pressemelding frå Surnadal kommune informeres det om at Surnadal sjukeheim gjenopprettar normal drift etter ein kortvarig og midlertidig besøksstans.
Les heile saka
Økonomi og markedsgruppa i Todalen Idrettslag melder at det framleis er nokre thermodrikkeflasker att for sal. Om du er interessert i å kjøpe, kan du ta kontakt med:
Ingunn Mikkelsen, på telefon: 918 29 206 eller
Jenny Stensby, på telefon 416 24 991
Les heile saka
Seint onsdag kveld kom Surnadal kommune med ei pressemelding om koronasituasjonen: Rindal kommune melder i kveld om eit smitteutbrot med pågåande smittesporing. Dette var imidlertid falsk alarm, da det rapporteres om feil frå testlabben.
Les heile saka
Jula 1991 fekk Jo Gjeldnes eit rosa klatretau med sele av Gunnar Nordvik til jul. Det vart starten på ein luftig hobby. Gunnar hadde sjølv allereie klatra litt og hadde teke fleire kurs, både i klatring og sikring. Frå etterjulsvinteren 1993 tok han med seg Jo Gjeldnes, Rune Halset, Gudmund Kårvatn og Ingvild Kårvatn, på klatring rundt om kring. På vinteren var det klatring innomhus i Surnadal og Rindal. Når våren kom vart klatringa flytta utomhus. Gunnar fekk laga klatreveggar på vestveggen på redskapshuset på Bordholmen og på siloveggen på Kårvatn. Her fekk Jo, Rune, Gudmund og Ingvild lære både å klatre, og ikkje minst å sikre kvarander under klatringa. Frå våren og utover vart klatringa flytta til forskjellege fjellveggar, og vart både luftigare og ikkje minst meir utfordrande.
Les heile saka
Torsdag 31.desember klokka 16:00 blir det nyttårskveldsgudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Kristin Strand medan Ronny Kjøsen er organist. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet, Vipps 506908. Nye smittevernreglar gjer at det likevel må vere påmelding til nyttårskveldsgudstenesta, slik det var på julekveldsgudstenesta.
Les heile saka
På dette bilete ser du vinnaren av Romjulsquizen, trykk vidare for meir :
Les heile saka
Etter fleire dagar med mykje god mat og lite fysisk aktivitet er det godt å kome seg ut i frisk luft og kanskje få litt trim. I år er det nok mange som også føler behov for å ha litt sosial kontakt med andre enn berre de «indre krets» i familien. Romjulsmarsjen er det einaste arrangementet i Todalen denne jula, men også den er litt amputert og tilpassa pålagt smittevern etter beste evne.
Les heile saka
Her har vi fått informasjon fra trimgruppa om dagens quiz under romjulsmarsjen.
Les heile saka