Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Popup-kokk på Todalshytta denne veka

Jon Olav Ørsal Fredag 9. juli 2021

Komande veke er det Jon Olav Roaldset som svingar grytene på Todalshytta.  Når du er i eit slik kortvarig engasjement er det vel popup-kokk som er det rette uttrykket.  Nok om det, Roaldset har iallfall full kontroll på grytene og da vi stakk innom var det full fart på kjøkenet med førbuing på at minst eit førtital som skulle trakterast med ala Carte-rettar i løpet av fredagskvelden.

Men det var slett ikkje noko one man-show, for med seg på kjøkenet hadde han to unge damer som han skrytte uhemma av. Det var Lulie Kastrup Lorenzen og Maren Karlsen – dei lagar både salatar, dessertar og andre smårettar – og dekker bord og serverer til gjestane. Det var god stemning på kjøkenet med andre ord…..

Publisert: 9. juli 2021, 15:42