Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mediemogul og sauebonde på Smøla

Jon Olav Ørsal Måndag 12. juli 2021

Søndag var det tid for dagstur til Smøla.  Opp tidleg for å ta første ferja frå Hennset kl 9 og vidare til Tustna og ny ferje over til Smøla.  På Smøla kjem du først til Edøya og Gurisentret, men målet vårt var Villsaugarden  og vidare til Veiholmen før vi snur nasen heimover igjen.

Smøla – her har du oversikten. Villsaugården ligg heilt vest på Smøla – ca 25 minutt køyring frå Edøya. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi tok over til vestsida på Smøla, og sikta oss inn på Villsaugården der Jan Erik Larsen og familien rår grunnen. Etter mange svingar og mange humpar var vi etter ein knapp halvtime framme på Steinsøyneset, der  Villsaugården er lokalisert. Vi treffer Jan Erik og kona Hanne Kruse Larsen, som har kjøpt ein liten gard der, og som etter kvart har satsa på både gardsbutikk og kafédrift i tillegg til utleie av eit par hytter – og skal i sommar bygge ei til.  

Smøla er kjent for sine vindmøller – knappe 70 i talet. Disse lever vi godt med, seier Jan Erik Larsen Foto: Jon Olav Ørsal

– Garden vart kjøpt nærast på impuls for nokre år sia, og vi har satsa litt etter kvart, og vi byggjer stein for stein i fortsettinga.  Målet er etter kvart å få til heilårsdrift og fleire arbeidsplassar, seier Larsen. I dag er det rundt 10 tilsette i verksemda på Smøla – dei fleste som sommarjobbar.

I kafeen har dei litt av kvart å by på – og triveleg betjening – frå venstre Mathilde reitan Karstensen, Yvonne Edvardsen Røstad og Oda Træthaug. Foto: Jon Olav Ørsal

Jan Erik Larsen er forresten godt kjent i Surnadal, og etter kvart kjem praten inn på 80-talet, da han starta sin yrkesaktive karriere nettopp i Surnadal.  Det var i 1981, og Jan Erik var nytilsett som journalist i avisa Indre Nordmør som kom ut på Skei. 

– Eg hadde nok stor tillit, for eg vart tilsett som journalist her – utan førarkort, utan bil og utan nokon plass å bu.  Budde på Surnadal hotell dei første månadane og fekk da etter kvart både førarkort og bil.  Jobba saman med Lars Steinar Ansnes som var redaktør, Kjell Gunnar Polden som journalist og Jostein Dønnem som annonsekonsulent. Seinare har det vore mange jobbar både i lokale media og ikkje minst i regjeringskvartalet.

Villsaugården – landhandel og kafè, på Steinsøyneset – her er det verdt å ta ein tur innom. Foto: Jon Olav Ørsal

– No er eg dagleg leiar for eit firma som er lokalisert i Oslo – Kruse Larsen – men bur i Kristiansund og jobbar her på Smøla så ofte eg kan, og kan da titulere meg som sauebonde med eigne villsauer på beite i nærområdet på Steinøyneset.

Så går ferda vidare og vi tek ein rask visitt på Veiholmen før vi tek på heimveg igjen…

På villsaugården er det sett opp fleire infoskilt om aktuelle tema – her er eit om villsauen. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 12. juli 2021, 11:11