Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flott 4.-plass for Erik Kårvatn på Skyrace under Sans Senja 2021

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. juli 2021

I dag arrangeres Sans Senja 2021, der Skyrun med 300  delatakar er ein del av det store arrangementet  – og som namnet fortel så foregår det på Senja.  Av lokale løparar som deltek herfrå så finn vi Erik Kårvatn og Halvor Drøpping.  Det var sjølvsagt knytt stor spenning til dette løpet for Erik, som var veldig spent på å teste forma i lag med dei beste løparane før han skal til Italia seinare i sommar.  Ved passering på første mellompost på Segla var Erik nr 4 og den posisjonen helt han stort sett heilt til målgangen. 

Målgang for Erik etter dagens tur gjennom fjellrekka på Senja – klokka viste 3:29:02, og det vart 4. beste tid i mål Foto frå Youtobe

Ved målgang på Husøy passerte Erik målstreken på tida 3:29:02, som er 10:29 etter Anders Sommer som vart vinnar i herreklassen på 3:18:33 og Erik Haugsnes og Jonas Hesthaug på dei neste plassane. Dette lover godt for Erik som skal delta på VM i Italia seinare i sommar og på heimebane under Kårvatn SkyRun i august.  Han må no finne seg i å få eit favorittstempel når han stiller på heimebane i Todalsfjella.

Godt med litt påfyll av væske for Halvor Drøpping som gjorde eit sterkt løp på Senja. Isak og Mathias sørger for traktering. Foto G. Kårvatn

Halvor Drøpping har også «hengt med» på gjennom det 26 km lange løpet, som samla 300 deltakarar.  Halvor kom i mål på tida 4:48:18, som er ei respektabel tid for ein deltakar i på mosjonsnivå.  Løpet går gjennom heile fjellrekkja frå Fjordgård til Husøy, og har 2800 spektakulære høgdemeter å by på. Løpet går etter stigar og naturlege spor, og heile 90 % av løpet går ovafor skoggrensa.  Du kan også ta turen til fots, men da må du rekne med å bruke rundt 8 timar på den 26 km lange turen.  Her kan du laste ned mellomtider for både Erik og Halvor. Her finn du online resultatservice frå Skyrun – Sans Senja.

Publisert: 10. juli 2021, 15:33