Hos Norsk Tipping er det høve til å tilgodesjå lag og organisasjonar med ein såkalla grasrotandel. Det er du sjølv som bestemmer kven som skal tilgodesjåast, og det er 7,5% av speleomsetninga hos Norsk Tipping som blir bruka på den måten. Lag og organisasjonar kan registrere seg hos Norsk Tipping og bli godkjent som mottakar av grasrotandelen. Her i Todalen er det Todalen Idrettslag som toppar tabellen, og tok i mot kr 39.160 i grasrotandel i fjor.
Les heile saka
I kveld var det «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Gradestokken viste +2 grader, så ein kan trygt seie at det var ein mildvêrskveld i forhold til førre onsdag, da gradestokken viste -13 grader. Rett nok var det litt vind, så den verkelege temperaturen var nok litt lågare enn det gradestokken viste. Men det var kjempefine forhold i nypreparerte løyper og få, eller eigentleg ingen, utfordringar smøre-messig.
Les heile saka
Neste veke (veke 4) startar Surnadal kommune så smått opp med koronavaksinering av dei som er over 85 år, og som bur heime. Det er ikkje nødvendig å kontakte kommunen for å få tilbod om vaksinering. Dei det gjeld blir kontakta på telefon innan tysdag 26.januar klokka 16:00.
Les heile saka
I ei pressemelding frå kommunen no tidleg i ettermiddag, melder kommunen om endringar i enkelte smitteverntiltak. Endringane gjeld hovudsakleg undervisning, idrett og kulturaktivitetar for barn og unge, og gjeld frå og med onsdag 20.januar.
Les heile saka
På regjeringas pressekonferanse i dag vart vi informert om at dei vidarefører dei fleste tiltaka for å begrense smittefarenn. Men det blir gjort enkelte endringar for å lette på enkelte tiltak – mellom anna blir det atter høve til å ta i mot besøk heime med inntil 5 personar dersom du har plass. Men 1-metersregelen gjeld framleis!
Les heile saka
Statens naturoppsyn felte ein jerv i samband med skadefellingsoppdrag i Trollheimen. Det skjedde i Vassdalen som ligg i Snota-massivet, og det vart bruka helikopter under oppdraget.
Les heile saka
Fjord1 melder at det vil bli redusert kapasitet på avgangen frå Kvanne klokka 05:30 måndag 18.januar. Grunnen til dette er at ferga skal ha med ADR-transport på denne avgangen. Dette reduserer kapasiteten til maksimalt 12 personar. Så skal du ta ferga i morgon tidleg, kan det vere lurt å «styre unna» denne avgangen.
Det er Fjord1 som melder dette i ei melding til redaksjonen.
Les heile saka
Vi har akkurat fått informasjon frå kommuneoverlegen om at enda ein gjestearbeiar har fått påvist Covid19-smitte. Seint i går kveld fekk kommuneoverlegen melding om at det var registrert nok eit smittetilfelle. Det er ingen samanheng mellom det nye tilfellet av importsmitte og dei vi fekk melding om i går.
Les heile saka
Kommuneoverlegen i Surnadal kommune informerer tidleg laurdag kveld om totalt tre positive Covid19 testar. Det dreier seg om to nye påviste tilfelle og eitt tilfelle med framleis svakt positivt prøveresultat etter gjennomgått sjukdom.
Les heile saka
Klokka 16.10 i ettermiddag melder politiet at det har skjedd ei trafikuhell i «Berglysvingen» på Fv 6145 (Todalsvegen) på Nordvik. Det var ein bil med tre ungdommar frå Trøndelag, som ser ut til å ha kome litt for langt ut på kanten og hamna i bergveggen, på oversia av vegen. Politibetjent Per Gjeldnes ved Surnadal lensmannskontor fortel at dei to passasjerane i bilen er sendt til St. Olavs hospital på Orkanger med lettare skadar, Sjåføren vart ikkje fysisk skadd, men er rutinemessig sendt til legesjekk.
Les heile saka
«Felemakaren» til Edvard Hoem var gift med Gunnhild frå Jostua. No har historia om dei både kome i nytt opplag og blir omsett til dansk.
Lars Olsen Hoem er også litt kjent frå tidlegare Hoem-bøker, og spesielt frå «Heimlandet Barndom» (1985), der han kort går gjennom alt det eventyrlege Lars opplevde – i krig, fangenskap og som felemakar i Kristiansund for to hundre år sia.
Les heile saka
Natt til torsdag var nok den kaldaste natta så langt i år, med 14,4 minusgrader på gradstokken i 7-tida og 14,9 som minimumstemperatur i løpet av natta. Kaldvêret skal fortsette vidare utover til laurdag, men frå søndag blir det etter kvart mildare skal e8in tru på vermeldinga på yr.no.
Les heile saka