Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Terje Nordgarden live frå bunkeren i kveld

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. mars 2020

I disse koronatider er det ikkje heilt enkelt å leve av å være musiker.  Når det ikkje kan arrangerast konsertar på vanleg måte så lyt musikarane finne nye måtar for å nå fram til sine publikum. Todalsvennen Terje Nordgarden bur heime på Vålerenga og han spelar sin første digitale konsert online frå bunkeren i bygget der han bur på Vålerenga.  Bla videre og ta turen innom bunkeren i kveld 19…..

Les heile saka

Sommartid – hugs å stille klokka i natt

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. mars 2020

Natt til søndag 29. mars er det på tide å stille klokka ein time fram til sommartid.  Det skje kl 02, og da stiller du klokka ein time fram til klokka 3.  Er du i tvil om klokka skal stilles fram eller tilbake, så er det ein grei regel å hugse på at ein alltid skal stille klokka mot sommaren – altså fram om våren og tilbake om hausten.

Les heile saka

Elveeigarlaget planlegg ny sesong – årsmøtet er utsett

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. mars 2020

På lik linje med mange andre lag og organisasjonar har Todalen Elveeigarlag utsett sitt årsmøte på ubestemt tid. Det er sjølvsagt situasjonen med risiko for spreiinga av koronavirus som er årsak til det, melder leiar Arbjørn Karlsen i elveeigarlaget. Karlsen fortel vidare at det sittande styret i elveeigarlaget av same grunn vil fortsette i sine funkjonar inntil vidare. 

Les heile saka

Vi mimrer litt: Oppdalskveld i Ungdomshuset i 2005

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. mars 2020

Ein e-post frå Svein Åge Saksen frista oss til å minnast ein aprilkveld i 2005, da Oppdal Spellmannslag kom til Todalen og var med og arrangerte Oppdalskveld i Ungdomshuset. I e-posten frå Saksen var det med ei Mp4-fil med eit flott videoopptak der Oppdal Spellmannslag spelar «Drømmen om Kårvatn» som Trygve Ørsal (Trygve Myrvang) hadde komponert.  – Det er viktig å ta vare på gode minner seier Saksen og vi plukka fram litt gamle minne fra tida før Todalen.no såg dagens lys. Bli med oss til april i 2005 og Oppdalskveld i Ungdomshuset. 

Les heile saka


27.03.2020: Statusrapport frå kriseleiinga I Surnadal kommune

Jon Olav Ørsal Fredag 27. mars 2020

Det er framleis ikkje påvist smitte i Surnadal kommune.  Vi er framleis i Fase 1 av pandemien. Fase 2 inntreff først når vi får påvist smitte som vi ikkje greier å oppspora kjelda til. Dei utvida testkriteria som er innført i Surnadal kommune vil gi oss eit betre utgangspunkt for framtidig smittekontroll. Det er naturleg nok mange som ringer korona-telefonen vår for å bli vurdert for testing. Vi er heilt i oppstarten med dette og vil ha effektive rutiner på plass over helga, slik at dei det gjeld kan bli testa og få ei avklaring raskast muleg.

Les heile saka

Fasteaksjonen er i år digital – og viktigere enn noensinne!

Jon Olav Ørsal Fredag 27. mars 2020

Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp har lange tradisjoner, og har foregått som et samarbeid med menighetene som har involvert og engasjert konfirmantene i innsamlingsarbeidet, som på en måte har blitt en del av konfirmantundervisningen. På grunn av «korona-krisen» er ikke dette mulig i år, og dermed må årets innsamling bli digital. Soknerådet er spent på hvordan dette vil virke, men poengterer at det er veldig enkelt og kan gjøres på flere måter.

Les heile saka

26.03.2020: Statusrapport frå kriseleiinga i Surnadal kommune

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. mars 2020

Det er framleis ikkje påvist smitte i Surnadal kommune. I lys av dei strenge nasjonale tiltaka og for å kunne ha betre lokal smittekontroll framover, har kommuneoverlege Bjørn Buan i dag utvida kriteria slik at fleire kan bli vurdert for testing for covid-19 i Surnadal kommune.

Les heile saka

Nytt konsept i Todalen: M&M’s -massasje og musikk i fjøset

Elinor Bolme Torsdag 26. mars 2020

Ulike yrkesgrupper er no heilt eller delvis utestengt frå arbeidsplassen og jobbane sine grunna koronaviruset. Ei av desse er Nina Ryan Braaten som til dagleg er massør ved Atleta AS på Skei. Ho har derfor tenkt utradisjonelt, og sendt alle med dyr i bygda eit tilbud om å massere desse, i alle kategoriar, store som små.

Les heile saka

25.03.2020: Statusrapport frå kriseleiinga i Surnadal kommune

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. mars 2020

Det er framleis ikkje påvist smitte i Surnadal kommune.   Kommuneoverlege Bjørn Buan både håper og trur at både nasjonale pålegg og lokale karantebestemmelser vil redusere smittespredninga, samtidig som vi no nytter tida godt for å planlegge effektive smitteverntiltak i ein seinare fase av denne pandemien. 

Les heile saka

Heimekontora rundt om

Elinor Bolme Onsdag 25. mars 2020

Vi har no fått inn nokre fleire bidrag i serien vår om ulike heimekontor. Som de ser er det ulik grad av arbeidd som blir gjort, men alle bidrar til å forhindre spreiing av koronaviruset på sitt vis. Messi Batman som er hytteflyktning frå Grytåfeltet tek livet på Kvilbu med stor ro, men er nok likevel ein viktig brikke til at dei isolerte kosar seg.

Les heile saka

24.03.2020: Statusoppdatering frå kriseleiinga i Surnadal kommune

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. mars 2020

Det er framleis ikkje påvist smitte i Surnadal kommune. Gjennom vedtak i dag vidarefører kommuneoverlege Bjørn Buan i Surnadal kommune dei vedtaka som vart fatta 16. mars 2020, etter lov om smittevern. Vedtaket gjeld inntil 31. mars. Heile vedtaket finn ein under nyheiter og statusrapportar på kommunen sine korona-sider.

Les heile saka