Surnadal kommune kan i år tilby gratis «Sommarskule» for alle elevar i 1. – 10.klasse. Tilbodet er meint å kompensere for den tida mange elevar har mista på skulen på grunn av koronautfordringane det siste året. Det er regjeringa som har løyvd pengane som no gjer det mogleg for Surnadal kommune, og 227 andre kommunar, å tilby gratis «Sommarskule» for alle elevar i 1. – 10.klasse. Det er Kulturskulen som administrerer ordninga i Surnadal kommune.
Les heile saka
Elevane som går i 9.årstrinn ved Surnadal barne- og ungdomskule har kvar vår utplasseringsveke hos ulike lokale bedrifter eller institusjonar. Utplasseringsveka er meint å gje ungdommane arbeidstrening, men og for å hjelpe dei med å velje som karriereveg for framtida. Det er mindre enn eitt år til elevane i 9.årstrinn må velje kva line dei vil søkje på når dei frå hausten 2022 skal starte på vidaregåande utdanning. Valet dei da gjer, vil vere retningsgjevande for den framtidig karrierevegen deira, og for kva dei kan og vil arbeide med i framtida.
Les heile saka
Nordvik Grendalag har hatt styremøte og lagt planer for våren. Aktivitetane i grendalaget har vore sterkt påverka av koronasituasjonen og fokus på å unngå smittespreiing, men no ser styret lys i tunellen og håper det blir litt meir fart etterkvart.
Les heile saka
Torsdag 20. mai opnar Svinviks Arboret for ny sesong. Det er litt seinare enn vanleg, med rododendronblomstringa er nok litt forsinka på grunn av den siste snøen og kalde netteer i april og hittil i mai. Men da reknar vi med å gå direkte inn i høgsesongen, seier Maja Frønes som er leiar for arboretet.
Les heile saka
Stangvik Boligutvikling er no komne inn i ei ny fase, og er klare for å starte salet av dei 10 leilegheitene som er planlagt det tidlegare aldersheimbygget i Stangvik. Det fortel Bjørn Kristian Brøske, som er dagleg leiar for selskapet. Etter at Stangvik Boligutvikling kjøpte bygget har det vel og lenge vore drive planarbeid med tanke på å utvikle bygget til fleire sjølvstendige bueiningar som kan seksjonerast og tinglysast kvar for seg. No er det altså klart for å starte salsarbeidet.
Les heile saka
I dag gjennomførte Statkraft, gjennom Rossåa Settefiskanlegg, det årlege pålagte smoltutsettet. Dette pålegget er ein konsekvens av reguleringar av Toåa i samband med kraftutbyggingar, og som har pålagt Statkraft å sette ut 2500 smolt i Toåa kvart år. Utsettinga av smolten vart gjort ved steinutgarden ved Toåa, mellom Trudvang og Peøya. Det nøyaktige talet på smolt som vart utsett i dag var 2508 stykker.
Les heile saka
På Todalshytta har det vore full aktivitet heile etterjulsvinteren, og jammen vises det både her og der at det har foregått ei vesentleg oppgradering av heile hytta – eller Phillips Lodge som Arve Evensen kaller kaller det. Han tykkjer det har vorte så fint her at det blir litt meir andektig å kalle det for Phillips Lodge. Både Arve Evensen og kokken Kalle Kopponen gler seg til å opne hytta for publikum, slik at dei både får sjå kor fint det er og smake maten som Kalle har å by på. Alt på fredag har dei tenkt å opne dørene for publikum, og inviterer på ein slags softopning så tidleg i sesongen.
Les heile saka
Måndag 10.mai klokka 18:00 blir det arrangert dugnad i Toåa tursti ved Båthølen. Per E. Gjeldnes Maskin har levert eit gruslass som mellom anna skal brukast for å betre tilkomsten til platten for rullestolbrukarar. Resten av gruslasset skal brukast på forskjellege områder rundt gapahuken i Båthølen. Det skal og takast ned nokre tre langs turstitraseen.
Les heile saka
Onsdag var det montering og tilrigging av nye rotorklipparar på Onsdag var det montering og tilrigging av nye robotklipparar på Søya-bannen. I.L. Søya har investert rundt 120.000 i nytt og topp moderne utstyr som skal sørge for å klippe graset på fotballbanen. Det er to klipparar med kapasitet på rundt 5000 m2 kvar som skal utføre jobben i sommar, fortel Kristian Ansnes, som er banekoordinator for baneanlegget og nestleiar i I.L. Søya.
Les heile saka
Den som har trafikkert Dalavegen blir ikkje fortaft om det er både mange, store og djupe hol på vegen. I dag trefte vi ein gjeng som har teke spaden i eigne hender og jobba med å fylle hola på eit stykkje av vegen forbi Vestrum og Talgø gard. Det var kampsportlinja ved Normøre Folkehøgskule som hadde avtalt med Gunnar Bøe på kommunen at dei skulle fylle litt grus før vegskrapa skal i aksjon litt seinare.
Les heile saka
Ingenting endrar seg så fort som fergerutene på rute 46: Kvanne – Rykkjem akkurat no. Frå i dag er det nok ein gong endringar i rutenetidene over Stangvikfjorden. Denne gongen som eit resultat av påtrykk frå Surnadal og Sunndal kommunar. No blir overfartstida redusert frå 18 minutt til 15 minutt, noko som gjev rom for fleire avgangar gjennom dagen.
Les heile saka
For Per Åke Jakobsson og Torill Gjeldnes er det nok alt anna enn idyll no om dagen. No i lamminga går det døgnet rundt og det har det gjort dei 2-3 siste vekene fortel Per Åke, som no ser lys i tunellen da det berre er 12-13 sauer att som skal lamme. Men lamminga har gått rimeleg bra og med 170 lamsauer så blir det rundt 375 lam og dermed er det totalt rundt 550 dyr som etter kvart skal på fjellbeite i Sula- området.
Les heile saka