Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kvanne – Rykkjem med nye rutetider frå i dag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 5. mai 2021

Ingenting endrar seg så fort som fergerutene på rute 46: Kvanne – Rykkjem akkurat no. Frå i dag er det nok ein gong endringar i rutenetidene over Stangvikfjorden. Denne gongen som eit resultat av påtrykk frå Surnadal og Sunndal kommunar. No blir overfartstida redusert frå 18 minutt til 15 minutt, noko som gjev rom for fleire avgangar gjennom dagen.

Oppdatert rutetabell finn du her: «Rute 46: Kvanne – Rykkjem»

Så skal du ut å reise og må ta ferga over Stangvikfjorden kan det vere lurt å sjekke rutetidene og anna trafikkinformasjon. Oppdatert trafikkinformasjon i samtid finn du til ei kvar tid på «FRAM Møre og Romsdal» sine heimesider. Her blir eventuelle endringar for all kollektivtransport i Møre og Romsdal, inkludert fergene, kunngjort fortløpande. 

 

Publisert: 5. mai 2021, 07:20