Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur – blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 21. mars 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 22. mars.  Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Turruta blir bestemt ved oppmøte.

Les heile saka

Natta og dagen like lang over heile verda

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. mars 2021

I dag er det ein spesiell dag, for i dag er det vårjamndøg og da er dagen og natta like lang, ikkje berre her i Todalen men faktisk over heile verda.  Heilt nøyaktig skjedde det i dag, 20. mars kl 10.37 CET – altså på formiddagen.  Da kan vi faktisk allereie i morgon glede oss over at dagen er lengre enn natta, og snart er det faktisk sommar igjen, og bra er det!

Les heile saka

Stadnamn og historie – interessant tema?

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. mars 2021

Laurdag var det ei lita samling i ungdomshuset for dei som er var interessert i lokale stadnamn og arbeidet med å samle inn og registrere.  Det var Todalen historielag som prøvde å finne folk som er interessert i temaet og som kan tenkje seg å jobbe litt med å samle og registrere gamle stadnamn.  Mange lokale stadnamn har nok forsvunne av den enkle grunn at dei er gått ut av bruk – eller er i ferd med å gå ut av bruk. 

Les heile saka

Årets bilete 2020

Mari B. Redalen Laurdag 20. mars 2021

For dei som ikkje deltok på årsmøtet vårt torsdag og ikkje fekk med seg at årets bilete vart feiring tå avsmelta hønhals så får du no ei lita oppsummering.

Les heile saka


Utsett årsmøtet til den 16.juni

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 19. mars 2021

Todalen Grendalag sitt årsmøte var beramma til måndag 15.april. På det digitale styremøtet i Grendalag i går kveld, vart det vedteke å utsette årsmøtet til onsdag 16.juni kl. 19:00. Bakgrunnen for vedtaket er dei gjeldande smittevernreglane for årsmøter, som både krev påmelding og god avstand (minimum 1,5 meter) mellom møtedeltakarane. Grendalaget ønsker at flest mogleg skal få høve til å delta på årsmøtet, difor blir årsmøtet utsett. 

Les heile saka

Surnadal kommune – koronavaksinering veke 12 og i påskeveka

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 19. mars 2021

Torsdag kveld kom det ei oppdatering frå Surndal kommune om vaksineringa i veke 12, og påskeveka. Kommunen kallar inn fortløpande til vaksinering til første ledige vaksineringsdag, og det er viktig å gje rask tilbakemelding på innkallinga, òg om du takkar nei til vaksinering. Kommunen vaksinerer framleis gruppe 3 (75 – 84 år) med vaksinetypen Comirnaty frå BioNTech/Pfizer.

Les heile saka

Årsmøte på den digitale måten – oppdatert

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. mars 2021

Styreleiar I Todalen.no, Stig Husby var nok litt spent på korleis det skulle gå å arrangere årsmøtet på digistalt vis, med møtedeltakarane plassert framfor skjermen på kvar sin PC eller iPad. Men det var ingen grunn til å engste seg, for det gikk fort og grei å koble opp dei 12-13 møtedeltakarane og så var det berre å sette gå i gang med saklista.  Med vanlege årsmøtesaker så gikk både opprop, årsmelding og rekneskap unna i ein fei.

Les heile saka

Er du interessert i stadnamn?

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. mars 2021

Todalen historielag har mange jarn i elden, og må finne seg i å prioritere arbeidsoppgåver med å sikre at historia blir teken vare på så bra som muleg.  Eit prosjekt dei no held på og bles nytt liv i er registrering av stadnamn.  Er du interessert i stadnamn og kan tenkje deg å ta del i dette arbeidet vil nok historielaget sette stor pris på det.  I Todalen ungdomshus har Sven Olav Svinvik, Eivind Grønmyr og Ragnar Halle rigga seg til med kart og info-mapper for å finne ut kvar det er gjort minst med tanke på registrering av gangle stadnamn.  

Les heile saka

Hugs Todalen.no sitt digitale årsmøte i kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 18. mars 2021

I kveld klokka 20:00 arrangerer Todalen.no digitalt årsmøte. Alle medlemmer er velkomne til å vere med. Du melder deg på ved å trykke på lenka nedst på sida. Etter at du har gjord det, vil systemansvarleg sleppe deg inn i møtet. Linken vil vere open for påmelding og innslepp frå klokka 19:45

Les heile saka

Årsmøte i Nordvik Båtforening

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 18. mars 2021

Nordvik Båtforening kallar inn til årsmøte måndag 29.mars klokka 19:00 i Nordvik forsamlingshus. Nordvik Båforening arbeider for tida med utviding/renovering av småbåthamna og opparbeiding av friluftsområdet rundt hamna. Det vil bli orientering om dette på møtet. På grunn av koronareglane som gjeld for årsmøter, så er det påmelding til årsmøtet i år. Påmelding til Per P. Gjeldnes på mobil: 971 48 806 innan torsdag 25.mars. 

Les heile saka

Støtt Todalen sokneråd og Kirkens Nødhjelp sin digitale fasteaksjon

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 17. mars 2021

Som ein direkte konsekvens av smittevernreglane i samband med Koronasituasjonen, er Todalen sokneråd og Kirkens Nødhjelp sin tradisjonelle Fasteaksjon digital i år ôg, slik som i fjor. Fasteaksjonen er Norges andre største innsamling, og har vore arrangert i meir enn 50 år. Tidlegare år er det konfirmantane som har stått for  bøssebæringa. I fjor vart innsamlinga heildigital, slik den òg blir i år. Kristian Gjeldnes, leiar i Todalen sokneråd, fortel at dei har eit mål om å samle inn 5.000,- kroner i Todalen sokn. Han håper difor på god respons på den digitale innsamlingsaksjonen. 

Les heile saka