Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein travel sesong ebbar ut

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. september 2021

Snart blir Todalshytta innhenta av kulda som etter kvart tek grep.  Da hjelper det ikkje om ein har 2 varmepumper til å halde varmen, for Todalshytta er og blir ein sommarbolig slik ho har vore i 120 år.  Men varmepumpene gjorde det for første gong mulig å halde ope deler av mai månad.  Hytta opna nemleg 12 mai, og vi vart egentleg overraska over responsen, for vi fikk straks tilslag på menyen i restauranten.  Det kan vi nok takke varmepumpene for, mimrer Arve Evensen som er drivar på Todalshytta.

No skal vi evaluere sesongen som har vore – og vi gler oss alt til neste sesong, seier Arve Evensen. Foto: Jon Olav Ørsal

Arve er meir avslappa no enn han var sist vi hadde ein prat med han.  Etter ein travel sesong som no etterkvart ebbar ut, så er det tid for ettertanke.  Det har vore både oppturar og nedturar i løpet av sesongen, for da juni kom gikk det ikkje slik ein hadde planlagt at koronareglane skulle lettast på. Det skapte straks problem for innboka fiskarar som avbestilte både opphald og laksefiske i stor stil.  I tillegg var vårløysinga i fjellet tidleg ute, og vassføringa i Toåa var på tur ned til eit minimum når fisket starta 15. juni – og utover juni vart det berre finvêr og ikkje noko nedbør og fiskarelv. Men juni vart egentleg ein god månad, takka vere lokale gjestar som kom til restauranten – og det er vi spesielt glade for, fortsett Arve. 

Med vaksinering på høggir og påfølgande lettingar i koronarestriksjonane kom da etter kvart laksefisket i gang og laksefiskarane inntok Todalshytta.  Dette til tross for «alt for fint» vêr og lita vassføring i elva, men vi opplevde at det nye regelverket for fisket og den nye forvaltningsplana fungerte godt.  Mange positive tilbakemeldingar og bestillingar til neste år vitnar om at det var vellukka, seier Arve, som elles fortel at Todalshytta igjen er inne i ein positiv trend når det gjeld besøk av turfolk og fjellturistar frå Trollheimen.  Det viser vel egentleg at satsinga som vi gjorde før årets sesong, med auka komfort og betre mat, har vore rett.

Todalshytta dukkar fram frå skogen – til neste sesong skal vi rydde meir skog, slik at vi får vist fram den prektige bygninga. Foto: Jon Olav Ørsal

 Arve legg ikkje skjul på  at det har vore store utfordringar med både logistikk og mannskap, men vi har i løpet av sesongen vorte ein samansveisa gjeng som har stått på for å gjera det best muleg for kundane.  I den samanheng vil eg retta ein stor takk til både kunder og gode hjelparar for at vi kom trygt i hamn med årets sesong.  No er ikkje Todalshytta lenger døgnopen, men vi tek enno i mot både selskapsarrangement anna etter avtale.   – No skal vi evaluere sesongen og bruke tida til å legge nye planar for sesongen 2022, og vi gler oss faktisk til å kome i gang igjen, seier Arve Evensen til slutt på praten vår.  

Arve Evensen er vertskap på Todalshytta – her framfor inngangen. No ebbar sesongen ut….. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 14. september 2021, 15:00