Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Veghøvling i Dalavegen i dag

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. september 2021

Den som har køyrt Dalavegen i det siste har nok opplevd marerittet med djupe hol – tett i tett.  No blir det gjort noko med det, for torsdag morgon var veghøvelen i full gang opp Falla frå Trudvangkrysset.  Kommunevegen frå Trudvangkrysset og oppover til Kårvatn er kommunal grusveg, og da er det behov for å bruke veghøvelen ein gong i mellom.

Her er veghøvelen på veg opp Falla på den 6 km lange kommunevegen til Kårvatn. Foto: Jon Olav Ørsal

Etter ein slik regnperiode som vi har hatt den siste tida så er det nok stort behov, både for å fylle dei djupe hola og høvle vegen.  No kan vi iallfall glede oss over nyhøvla veg på strkninga ei stund framover.  

Først publisert: 16. september 2021, 07:54 - Sist oppdatert: 18. september 2021, 21:22