Surnadal Arbeiderparti melder at dei held årsmøte torsdag 10. februar i Surnadal kommunehus.
Les heile saka
Surnadal Arbeiderparti melder at dei held årsmøte torsdag 10. februar i Surnadal kommunehus.
Les heile sakaNo er det full fart på ballgrytene på Todalshytta – frå kl 15 og utover er det klart for servering av både sildball og potetball med tilbehør. Da vi stakk innom i føremiddag var det full aktivitet på kjøkkenet og ikkje minst så var det rette lukta – det dufta sildball og potetball da vi var innom og helsa på kokken Kjell Arve Vikavoll.
Les heile sakaGår du med en fabrikksjef i magan så må du svinge deg rundt og sende en søknad til Talgø Bygg AS. I stillingen som fabrikksjef får du ansvar for vår elementfabrikk. Stillingen innebærer ansvar for hele verdikjeden; fra planlegging, produksjon og frem til ferdig produkt. Vi har klare målsettinger om fortsatt vekst og satsing på nye produktområder, og som fabrikksjef vi du være sentral i fremtidig strategi og utvikling.
Les heile sakaI kveld hadde Surnadal formannskap eit ekstra formannskapsmøte for å diskutere eventuell forlenging av den lokale forskrifta for smitteverntiltak. Kommunedirektør Knut Haugen la på møtet fram innstilling om å flytte barnehagar, grunnskulane og vaksenopplæringa over frå gult til grønt nivå.
Les heile sakaTysdag 1. februar, frå klokka 17:30, inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa oppfordrar til å ta med ski og å vere med å gå på ski den tida «Barn i løypa» går føre seg. Det blir på grunn av smitteverntiltaka som gjeld, ikkje servert drikke, så dette må kvar enkelt ta med seg sjølv.
Les heile sakaTorsdag 3. februar klokka 11:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag igjen til trim i Meierisalen på Landbrukshuset. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg Oda fysioterapeut som instruktør for trimmen.
Les heile sakaI ei pressemelding no i dag, får vi presentert sluttrapporten frå SuSu-KOF samarbeidet, som har vore eit samarbeidsprosjekt mellom Sunndal og Surnadal kommunar sidan 2013. Målsettinga for SuSu samarbeidet var i si tid å skape nye arbeidsplassar, sikre dei arbeidsplassane som allereie var her, samt fokus på «bo- og blilyst».
Det er i perioden 2013 – 2021 fordelt 13,2 millionar i SuSu-midlar til 123 bedrifter og tiltak så langt. Det er mange firma og bedrifter som gjennom hjelpa frå SuSu har fått realisert sine prosjekt og planer knytta til kompetanseheving, vekst og utvikling.
Det er mykje rådyr og hjort rundt vegane no om dagen. Det kan ha fleire årsaker, med beiting på telefri innmark som blir fristande for dyra. Det er spesielt på Kvennset, i Halagrenda og i Ørsalbukta at det har vore stor trafikk – og mange dyr som passerer over vegane i skyminga eller etter mørkets frambrudd.
Les heile sakaNo er det tid for årsmøte i mange lag og organisasjonar, og Surnadal Heimbygdlag melder at dei arrangerer årsmøte 21. februar.
Les heile sakaFredag 4. februar, mellom klokka 12.00 – 17.00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Hyllene vil bli fylt opp med både ferske kaffebrød og grovbakst. Også denne gongen kan dei by på ei nyheit, nemleg landbrød.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening melder at dei held årsmøte i tysdag 15. februar i Sanitetshuset.
Les heile sakaTrimgruppa i Todalen Idrettslag sin «På tur i Todalen»-app, som vart lansert 1. oktober i fjor, har vorte ein stor suksess, som mange brukar når dei er på tur. Det er per i dag klokka 12:30 registrert totalt 3980 turar i appen sidan 1. oktober.. Trimgruppa har fått nokre få tilbakemeldingar på at det av og til blir parkert på plassar, på privat grunn, som skaper problem for eigaren, medan folk er på tur.
Les heile saka