Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor skredfare i Trollheimen i dag

Jon Olav Ørsal Sundag 10. april 2022

I dag er det eit klart bodskap frå varsam.no  – Unngå alt skredterreng! Mykje snø og kraftig vind gjer at det kan gå svært store og naturleg utløyste snøskred.  Det store snøfallet i går og blaut, tung snø kombinert med regn har gjort at skredfaren i dag er på raudt nivå for Trollheimen.

Søndag er det stor rasfare i Trollheiemen – måndag er rasfaren gradert som betydeleg. (Varsam.no)

Det er fare både for flakskred med nysnø og laussnøskred med våt ubundet snø.  Vêrmeldinga på yr.no er også tydeleg, med snø i fjellet både søndag og måndag, medan det blir regn i «låglandet».

Publisert: 10. april 2022, 06:41