Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rossåa settefiskanlegg med rognplanting i Toåa

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 9. april 2022

Også i år har Statkraft, gjennom Rossåa settefiskanlegg, planta øyerogn. Dette gjorde gjengen ved settefiskanlegget fredag 18. mars, og øyerogna vart planta ovanfor Brusetbrua og oppover mot Fosstrøin, og nedstrøms ved Øyabrua. Nytt av året, er at øyerogna er fargemerka. På biletet under kan ein sjå fargeforskjellane før og denne fargemerkinga. 

Tydeleg fargeforskjell på øyerogn som er fargemerka og ikkje. Foto: Minika Klungervik

Farga øyerogna vart merka med er raud. Denne fargen setter seg på øresteinane til laksen. Når laksen kjem att til Toåa, kan Rossåa settefiskanlegg ta ut øresteinane og analysere dei, for å sjå om laksen stammar frå øyerognplantinga.

Rossåa settefiskanlegg planta i år ca. 17 000 øyerogn.  Dette er overskottsmateriale med rogn etter strykinga hausten 2021. Resten av materialet blir gående i kar ved Rossåa settefiskanlegg til dei er smolt.

Vibertboks med merkeband. Foto: Monika Klungervik

Vibertboksane, som øyerogna blir lagt i, fram til dei er klare til å svømme ut og ta til seg føde, er i år, som tidligere, merka med gule band. Det er også hengt opp gule band på elvakanten, slik at det skal vere lettare å finne dei att, når settefiskanlegg-gjengen skal sjekke klekkesuksessen utpå sommaren. Det er viktig at ingen fjerner desse banda før Rossåa settefiskanlegg har fått teke oppatt boksane dei planta øyerogna i.

I tillegg til dette har Rossåa settefiskanlegg hengt opp ein temperaturloggar oppstrøms ved Brusetbrua. Denne har dei merka, og det er viktig at den får henge i fred, slik at dei kan hente ut data frå denne!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 9. april 2022, 08:00 - Sist oppdatert: 8. april 2022, 15:10