Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kulturhus – opningstider i påska

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 7. april 2022

Neste veke er det påskeferie, og på Surnadal kulturhus inneber dette nokre endringar i opningstida. Frå måndag 11. april til og med måndag 18. april er opningstida redusert både på kulturhuset og biblioteket. 

Opningstidene for Surnadal kulturhus 11. aptil – 19. april blir:

  • Måndag 11. april klokka 08:00 – 19.30
  • Tysdag 12. april klokka 08:00 – 20:00
  • Onsdag 13. april klokka 08 – 19.30

Biblioteket vil ha vanleg opningstid dei to første dagane, men vil vere stengt onsdag. Biblioteket vil difor vere ope:

  • Måndag 11. april klokka 14:00 – 18:00
  • Tysdag 12. april klokka 11:00 – 15:00

Dei som har «meirope»-tilgang til biblioteket kan nytte seg av tilbodet alle tre dagane, måndag – onsdag, mellom klokka 08:00 – 18:00. (Merk at det blir stengt litt tidlegare enn til vanleg).

Kulturhuset blir heilt stengt i perioden 14. – 19. april. I denne perioden vil det heller ikkje bli tilgang til «meirope»-tilbodet på biblioteket.

Publisert: 7. april 2022, 15:26