Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte i rekordfart

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. april 2022

Årsmøtet i Todalen.no var gjort unna i rekordfart – årsmøtesakene gikk kjapt unna med styreleiar Stig Husby som møteleiar på årsmøtet.  Både årsmelding,  rekneskap og revisjonsrapport vart godkjent uten kommentarer viste at selskapet har orden på både økonomi og drift.

Det nye styret for Todalen.no i 2022 er – fra venstre Bjørn Gunnar Ansnes, Mali Røen Skjærmo (ny), Karen Aasbø, Stig Husby (styreleiar) og Emil Haugen Ansnes (ny). I tillegg er Sondre Halset med i styret, men var ikke til stades da biletet vart teke. Foto Jon Olav Ørsal

Neste sak var medlemskontingent, der styrets forslag om uendra kontingent gikk gjennom einstemmig. På sak 4 som var val vart det nokre endringar, men styreleiar Stig Husby tok gjenval.  Både Mari B. Redalen og Jo Gjldnes takka av frå styret, og her vart Mali Røen Skjermo og Emil Haugen Ansnes valt for 2 år.  Revisor Knut Bergli tok gjenval for 1 år, og Jo Gjeldnes erstattar Ståle Ansnes i valkomiteen for 2 år. 

Jo gjeldnes orienterte litt om nettrafikken på Todalen.no.  Sidan starten i august 2009 har vi hatt 4.641.679 besøk på nettsida – av disse er 96% frå Norge og vidare er det Sverige, USA, Tyskland og Danmark som er hyppigast på besøk frå det store utland. Totalt er det registrert besøk frå 127 land i denne perioden.  Artig er det også å sjå at talet på lesarar som brukar møbiltelefonen på Todalen.no stadig aukar, og er no på heile 70%  (telefon og tablets).

Sjølvsagt var det traktering – sunn og god kveldsmat til alle. Foto Jon Olav Ørsal

Årets bilete
Siste sak på agendaen var utdeling av prisen for årets bilete.  Her var det 12 kandidatar som egentlig alle var aktuelle kandidatar.  Men det lengste strået var det Trine Engdal Storholt som trakk – eit nydeleg bilete med utsikt frå Nordvik og utover fjorden gikk heilt til topps.  Premien var eit oppforstørra bilete av vinnarmotivet som Trine vil få ved ei høveleg anledning. 

Publisert: 6. april 2022, 21:16