Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innspurt for russerevyen «Surnadalsrussen på filmkveld» i kveld

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. april 2022

I kveld er det tredje og siste sjanse for å sjå framføringa av russerevyen «Surnadalsrussen på filmkveld».  Det har vore godt billettsal til revyen, men dersom du er kjapp så er det enno nokre få billettar ledige til kveldens førestilling, som startar kl 18:00.  Vi hadde gleda av å få med oss førestillinga fredag kveld, og hadde ei fornøyeleg stund med skikkeleg god underhaldning frå scena.

Bensinkappløp i sentrum – eit av mange aktuelle revyinnslag på årets russerevy. Foto Jon Olav Ørsal

Det er imponerande kva russen har fått til, og revyen viser at det er mange gode revytalenter som gjorde ein flott innsats på scena i kulturhuset.  Mykje song og musikk prega revyen, og krydret med mange freske og artige innslag vart det halvannen time med prima underhaldning. Klikk her for å kjøpe billett!

Publisert: 9. april 2022, 07:14