Planlegginga av neste års «Vårsøghelg» er allereie godt i gang. I ei pressemelding frå Vårsøghelga no i ettermiddag, kan dei fortelje at neste års «Vårsøghelg» blir arrangert frå torsdag 26. mai til og med søndag 29. mai 2022. Litt av kva vi kan forvente om programmet, vart og offentleggjort i pressemeldinga. Under neste års «Vårsøghelg» får vi møte mellom andre Bjørn Tomren, kjent frå årets utgåve av «Stjernekamp» på NRK 1, da saman med Heine Bugge, og da under namnet «Polka Bjørn & Kleine Heine».
Les heile saka
Vi har motteke ei lita sak frå gårsdagens treningsøkt for damene i bygda, frå ein av dei tidlegare redaktørene våre. For å ivareta treningsiveren vart det krav om full anonymitet for deltakere som tok mot til seg og dukka opp på tidlegare annonsert dametrim i Idrettslagets regi.
Les heile saka
Søndag 31. oktober mellom klokka 12:00 – 16:00 er det open kafé og bakeriutsal hos Slettneset steinovnsbakeri. Så da er det mogleg å ta turen for ein kopp kaffe med noko godt å ete attåt, eller berre stikke innom å kjøpe noko godt for å ta med seg heim!
Les heile saka
Det er spørsmålet Surnadal Sanitetsforening stiller i ei pressemelding no i ettermiddag. Bakgrunnen er at Direktoratet for sikkerhet og beredskap, i neste (1. – 7. november) rettar søkelys på eigenberedskap. Sanitetsforeiningane i Surnadal kommune, saman med kommunen markerer denne kampanjen med ulike aktivitetar rundt om i kommunen. Det blir arrangement mellom anna på Matkroken Todalen, Alti Surnadal, Matkroken Bæverfjord og Coop Marked i Bøfjorden.
Les heile saka
Ja, det er faktisk prosjektnamnet til NKS – Norske Kvinners Sanitetsforening – prosjekt som starta alt i 2019, og som går ut på å invitere nokon «som har levd ei stund» til lunch eller middag. Og som prosjektnamnet seier, så kan det faktisk være kven som helst. – Kongen kom ikkje til Sanitetshuset på lunch, men det var det mange andre som gjorde. Invitasjon var eit plakatoppslag på Matkroken, og førehandsomtale på Todalen.no. Dermed troppa det opp eit trettitals gjestar til lunch onsdag.
Les heile saka
Onsdag 27. oktober klokka 13:00 inviterer Todalen sanitetsforening alle «godt vaksne» todalingar til gratis lunsj og sosialt samvær i sanitetshuset. Todalen sanitetsforening håper at mange vil komme og vere med! Og dersom det er nokon som treng skyss for å komme seg på lunsj, så fikser Todalen sanitetsforening dette også!
Les heile saka
Alt har si tid – no er det sesongslutt for Sanitetens «Kløverturar», som bortsett frå ein liten sommarferie har vore arrangert kvar veke gjennom sommarhalvåret. Det er både god trim og triveleg sosial kontakt for dei som har delteke på dette tiltaket gjennom sommaren.
Les heile saka
Fredag 29. oktober er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Opningstida er mellom klokka 12:00 og 17:00. Førehandsbestilling av skulebollar og/eller grovbrød innan onsdag 27. oktober klokka 18:00. Lia gard leverer også, på bestilling, varer til bedrifter.
Les heile saka
Surnadal kino viser no film fem-seks dagar i veka, og frå onsdag av blir det også innført honnørbillett på dagkino i ei stund framover. Det blir vist «seniorkino» klokka 13 på alle kvardagane frå onsdag av, og til neste helg. Og det er litt av eit kobbel av filmar som vil gå:
Les heile saka
Selma har det på stell for dei to kaninane Perneille og Snøfnugg som bur i hagen hos familien Skjerve/Gjeldnes i Bekkerhagan. Her har dei to eit stort bur, med ein underjordisk gang inn til hiet der ei lita varmelampe sørger for at dei har det tørt og varmt når kulda sig på ute.
Les heile saka
Den digitale trimregistreringa «På tur i Todalen» går så det susar. I dag lanserer difor Trimgruppa den 25. turen, etter tips frå ein ivrig brukar. Om vedkommande tykte at 24 var eit uryddig tal, eller at det var fleire som burde ta den fine rundturen i Øyalia, som var grunnen skal ikkje seiast. Uansett er det no mogleg å registrere seg på Berga, kor ny og gammel skogsveg i Øyalia møtes. Registreringa «ligg» rundt benken her.
Les heile saka
I år som i fjor blir det digital innsamling til TV-aksjonen i Surnadal. Vi har erfart at dette er ei god og fleksibel innsamlingsløysing, da det er mange som heller brukar aksjons-søndagen til noko anna enn å vente på ein bøsseberar for TV-aksjonen, skriv Surnadal kommune på sine heimesider.
Les heile saka