Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til 17. mai-frukost på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 12. mai 2022

Tysdag 17. mai klokka 11:00 inviterer Todalen Idrettslag, med samarbeidspartnarar, til 17. mai-frukost på Bordholmen stadion. Det blir servert frukost-bufeet med brød og mykje godt pålegg. Todalen meieri sponsar yoghurt og Pestua gard egg. I tillegg bidreg Todalen sanitetsforening og Todalen bondelag med økonomisk støtte, slik at frukosten i år blir sterkt rabattert, i høve til tidlegare år. Og om ikkje dette var nok, så spanderer Matkroken Todalen is på alle ungane etter frukosten!

Frukosten kostar i år kroner 50,- for alle over 15 år, (alle fødde før 2007). Det er mogleg å betale med Vipps, kort og kontantar.

 

Yr.no si vêrmelding for den 17. mai i Todalen

Vêrmeldinga for den 17. mai ser, så langt, lovande ut, men det kan vere lurt å ta med seg litt ekstra klede, slik at ein ikkje blir sittande å fryse! Om vêrmeldingane ikkje skulle slå til, og det ikkje vil bli mogleg med «utandørs-frukost», vil dette bli kunngjort her på todalen.no måndag ettermiddag/kveld.     

Todalen Idrettslag med samarbeidspartnarane ønsker alle velkommen til 17. mai-frukost på Bordholmen!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 12. mai 2022, 12:12