Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa sesongopna med «topp» tur til Kvalnesvika

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 11. mai 2022

Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sesongopna med «topp» tur til Kvalnesvika i går. – Sjølv om det ikkje var topptur, vart det likevel mange høgdemeter om vi legg saman alle motbakkane att og fram, fortel Kristian Ranes i Fjellgruppa.  

Start fra Kallset. Foto: Anne V. Einum

– Triveleg å treffast og veksla erfaringar etter ein lang vinter, fortsett Kristian.

Start fra Kallset. Foto: Anne V. Einum

Naturreservat. Foto: Anne V. Einum

Og i Kvalnesvika vart ein velfortent rast i godt lag, legg han til. 

Mykje og fin ramslauk. Foto: Anne V. Einum

– På heimturen var det fleire som plukka full store posar med ramslauk. – Dei påsto det både er sunt og godt. Vi får sjå framover sumaren om innsatsen aukar, for no prøver vi å få til turar kvar veke framover, avsluttar Kristian. 

Lang lang rekke. Foto: Anne V. Einum

Nedanfor ser du nokre bilde til frå Fjellgruppa sin tur til Kvalnesvika i går:

Publisert: 11. mai 2022, 05:00