Frå Odd Arild Sande har vi fått eit artig avisutklipp frå 80-talet, da han akkurat hadde starta si yrkeskarriere som lærar ved Singsaker skule i Trondheim. Avisutklippet fortel om den gongen dei leigde Todalshytta til leirskule og korleis dei opplevde det. Da dei hadde jubileumssamlig 10 år seinare var det akkurat Todalsturen som elevane hugsa best frå skuletida. Bla om og les meir….
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 7. mars. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?
Les heile saka
Denne veka fyllte Torkjel Ansnes Moe 50 år, og slike store dagar må sjølvsagt feirast. Laurdag ettermiddag var det samla mykje folk i Todalen Ungdomshus som ville gjera stas på jubilanten. Det som var spesielt denne gongen var at Torkjel sjølv ikkje hadde ei aning om kva som skulle foregå. Så her har det vore ein dyktig arrangørkomite og inviterte gjestar som har klart å halde dette skjult i lang tid.
Les heile saka
Laurdag var det ny strikkekaffe i Sanitetshuset. Det vart ein litt spesiell strikkekaffe denne gongen, for no strikka vi på oppfordring til flyktningar frå Ukraina som sannsynleg vis er like rundt hjørnet. Da er det huver, vottar, lestar og skjerf som står på programmet, fortel Åse Redalen i Todalen Sanitetsforening til Todalen.no
Les heile saka
Nils-Erik Ulset kom på 7.-plass i laurdagens skonkurranse i 6 km skiskyttersprint i Paralympics i Beijing. Med 1 bom på kvar av dei to skytingane vart det to ekstrarundar og dermed var Nils-Erik utafor medaljekampen.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening sitt årlege «kunstlotteri», har etter kvart vorte ein tradisjon, og 2022 blir ikkje noko unntak i så måte. I år er det kunstverket «Håp om fred» laga av Tanja Heggem Grimsmo som blir lodda ut. Lodd kjøper ein via Vipps: 101456. Hugs å skrive i meldingsfeltet kva namn lodda skal stå på. Kvart lodd kostar 20,- kroner. Salet av lodd tek til i dag, og trekninga blir under Todalen sanitetsforening sitt årsmøte neste år.
Les heile saka
Røde Kors mobiliserer no for Ukraina saman med Coop. Det hastar med å kome i gang med hjelp til Ukraina – først og fremst er det pengar det er behov for, og Røde Kors har difor starta innsamlingsaksjon i lag med Coop. For å få det til å gå fort har Coop gjeve 10 millionar til denne aksjonen, og i tillegg har dei mobilisert butikkane til innsamlingsaksjon i butikkane.
Les heile saka
No er det 2 år sia det sist var arrangert næringslivsdag i bankens regi, og årets arrangement er nummer 18 i rekkja. I fjor vart det ikkje noko arrangement på grunn av pandemien, men i år blir det – og årets arrangement er etterlengta, fortel Liv Dalsegg og Ole Magnus Løwe hos Sparebank1 Nordmøre i Surnadal.
Les heile saka
Svinviks arboret søker no etter sesongarbeidarar for sesongen 2022. Arboretet har behov for tre sesongarbeidarar, og gjeld i perioden mai – august, da arboretet er ope for publikum. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak bestå av å vere vertskap for besøkande, betjene kafe og kasse, baking/matlaging, servering, dagleg reinhald og anna forefallande arbeid. Omvisingar og enkelt hagearbeid kan og bli lagt til stillingane.
Les heile saka
Vi lever i eit trygt og stabilt samfunn, der vi er vande til at det meste fungerer som det skal. Men vi er heilt avhengig av straum, vatn og internett – og nettopp der er vi mest sårbare. Situasjonen i Ukraina gjer at myndigheitene i desse dagar har auka fokuset rundt det med eigenberedskap og enkle råd for å vere best mogleg rusta, dersom ein krisesituasjon skulle oppstå.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 5.mars i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Les heile saka
Vi har tidlegare omtalt at arbeidet med renovering av Haukåbrua har vorte meir omfattande en ein først trudde. Det er Asbjørn Myrkaskog frå BMO Entreprenør, som fortel at dei no nærmar seg slutten på forskalingsarbeidet og er klare for å starte støypearbeidet. Kanskje blir det betongarbeid alt på laurdag, dersom dei kan få betong da?
Les heile saka