BMO Entreprenør er godt i gang med restaureringa av Haukåbrua. Som vi omtala i ei tidlegare sak så skal det skiftast lager og lages nytt rekkverk på brua. Dette arbeidet var planlagt ferdig i slutten av februar. Etter at arbeidet starta har dei oppdaga at skadeomfanget på brua er større enn dei først trudde. Det har difor vore naudsynt å ta nokre avgjerder undervegs i arbeidet, fortel Asbjørn Myrkaskog og Rolf Ivar Fure som representerer entreprenøren.
Les heile saka
Medan Therese Johaug haustar gull i Beijing, representerer Erik Kårvatn Trollheimen Fjellsportklubb og landslaget i sprinten i Valtellina Orbie i Italia. Der det i dag vart 10.-plass på Erik.
På telefon rapporterer Erik at han er god nøgd med resultatet og seier at resultatet er på rett veg. Dagens 10.-plass er nok den beste plasseringa han har gjort internasjonalt i konkurranse med verdas beste i sin klasse.
Les heile saka
Søndag 6.februar klokka 14:00 inviterer Trimgruppa i Todalen Idrettslag til «OL-Kaffe» i gapahuken i Båthølen. Det blir sal av kaffe med tilbehør. Så her blir det ei god muligheit for å komme seg ut å ta ein kopp kaffe i sosialt lag, etter at søndagens OL-program er ferdig, og før søndagsmiddagen.
Les heile saka
Fredag vart det felt ei gaupe på Nordvik. Etter som vi forstår så er det hogaupa Gudrun som er felt fredag ettermiddag, ei stor hogaupe på rundt 20 kg. Dette er gaupe nummer to denne veka, etter at det vart felt ei stor hanngaupe tidlegare i Surnadal tidlegare i veka.
Les heile saka
2022 er «Frivillighetens år». friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Sunnmøre friluftsråd ønsker i samband med dette å få enda fleire til å bli med på sine «Stikk UT!-turar. Dei har difor valt å satse på «Stikk UT !-SAMMEN», og har no lansert ein film om dette.
Les heile saka
I si tilråding til formannskapsmøtet i morgon, fredag 4. februar, foreslår kommunedirektør Knut Haugen å invitere til ei idemyldring for å finne ut kva som skal skje med bygningsmassen, som fram til hausetn 2021, husa Todalen skule. Kommunen gjekk i oktober ut med oppfordring til eventuelle interesentar om å melde si interesse, men dette har, så langt, ikkje resultert i konkrete forslag. Difor vil kommunedirektøren no invitere bygdefolket til idemyldring før endeleg avgjer om framtidig bruk av bygningane/arealet blir vedteke.
Les heile saka
Regjeringa presenterte i går, tysdag 1. februar, endringane som er gjort i covid-19 tiltaka. Mange av dei smitteverntiltaka vart med det borte eller lempa på. Dette inneber ein meir «normal» kvardag, sjølv om det framleis er nokre viktige smitteverntiltak som framleis gjeld.
Les heile saka
I går kom regjeringa med omfattande endringar i smitteverntiltaka, endringar som gjev tilnærma «normale» tilstandar i samfunnet. Men nokre smitteverntiltak gjeld framleis, og for Hett & Svett vil dei nye smitteverntiltaka ikkje innebære endringar, i denne omgang, i høve til det som har vore gjeldande i dei siste vekene.
Les heile saka
Det var skikkeleg tilslag både på potetballen og sildballen da Todalshytta arrangerte balldag på tysdag. I Todalen er det nok sildballen som har lengst tradisjon, men det er så hipp som happ kva som er mest populært i dag. Hos bessmor bruka alltid sildball og saltfiskball, fortel Kjell Arve Vikavoll som er ballkokk på Todalshytta, og som held ein knapp på sildballen. Det er vi enig med han i.
Les heile saka
Surnadal Arbeiderparti melder at dei held årsmøte torsdag 10. februar i Surnadal kommunehus.
Les heile saka
No er det full fart på ballgrytene på Todalshytta – frå kl 15 og utover er det klart for servering av både sildball og potetball med tilbehør. Da vi stakk innom i føremiddag var det full aktivitet på kjøkkenet og ikkje minst så var det rette lukta – det dufta sildball og potetball da vi var innom og helsa på kokken Kjell Arve Vikavoll.
Les heile saka
Går du med en fabrikksjef i magan så må du svinge deg rundt og sende en søknad til Talgø Bygg AS. I stillingen som fabrikksjef får du ansvar for vår elementfabrikk. Stillingen innebærer ansvar for hele verdikjeden; fra planlegging, produksjon og frem til ferdig produkt. Vi har klare målsettinger om fortsatt vekst og satsing på nye produktområder, og som fabrikksjef vi du være sentral i fremtidig strategi og utvikling.
Les heile saka