Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bernt Venås med fokus på fylkesvegane i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 12. august 2022

I dag var fylkestingsrepresentant og varamedlem til samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylke, Bernt Venås frå Senterpartiet. på ein liten rundtur rundt Todalen for å sjå på vegstandarden på fylkesvegane. Det har i fleire år vore meldt inn behov for ny asfalt, frå Svinvik tunnelen og til Halle, og sjølv om strekninga har vore på Vegvesenet si prioriteringsliste, har det ikkje blitt løyvd midlar til dette arbeidet.

Ragnar Halle, kommunestyrerepresentant for Senterpartiet, var med Bernt på rundturen som kjentmann. Bernt er ein engasjert  lokalpolitikar, og brenn spesielt for distrikta og bygdene. Han var klar på at vegen inn til Todalen og rundt bygda absolutt treng nytt dekke. Sjølv om Mesta gjer så godt dei kan, med å fylle i hola, så kjem dei att etter kort tid, og hola blir berre fleire og større etter som tida går.

– Eg er glad for at todalingane tek opp spørsmål rundt fylkesvegane, og eg vil gjere mitt til at dette kjem på dagsorden på fylket, seier Bernt.      

– Eg vil og ta kontakt med leiar i samferdselsutvalet, Kristin Sørheim (SP), for å høyre korleis ein kan få fortgang i løyvingane til nytt dekke på vegen frå Svinviktunnelen og til Halle, held Bernt fram. 

Haukåbrua vart reparert i vinter, men framleis manglar nytt dekke, og det er på båe sider store hol, som kan skade både hjul og forstilling, konstaterer f.v. Bernt Venås og Ragnar Halle. Foto: B G Ansnes

– Når det gjeld løyvingar til fylkesvegane, så er desse alt for små til å dekke dei årlege behova for vedlikehald, så da blir det ofte slik at det er dei mest traffikerte vegane som blir prioritert og får alle løyvingane.

– Dette gjer at det no er eit enormt etterslep på vedlikehaldssida for fylkesvegane, noko vegen inn til Todalen og rundt bygda er eit synleg bevis på, avsluttar han. 

Bernt kan også fortelje at han vil arbeide for å få leiar i samferdselsutvalet, Kristin Sørheim, til å komme på befaring til Todalen i løpet av hausten. Ho er den i fylkestinget som veit absolutt mest om fylkesvegar, kan Bernt Venås fortelje. 

Først publisert: 12. august 2022, 05:00 - Sist oppdatert: 11. august 2022, 20:32