Vegard Øie gikk til topps i laurdagens konkurranse i individuell på Kårvatn. Vegard leia næast frå start til mål, men fikk kamp heilt til målstreken av Jonathan Albon som kom i mål berre 6 tideler etter Øie. – Spenning var også knytt til Erik Kårvatn på heimebane. Han fikk ein fin 2.-plass, 2,42 etter Trym Dalset Lødøen i mål.
Les heile saka
I dag er det start for Kårvatn Skimo i Todalen. Det er mye snø og godt føre, og vêrgudane ser ut til å være på arrangørens side når startskotet går kl 11 for individuell NC og ungdomscup og kl 10 for trim- og turklasse. Dagens løype er litt tilpassa vêr- og føretilhøva, og vil bestå v 1650 høgdemeter – U20 og trim vil være 1400 meter og trim-/ungdom får 900 høgdemeter.
Les heile saka
Alle landets kyrkjer vil på søndag markere si støtte til det ukrainske folk, som no er under angrep frå russiske styrkar. Under gudstenesta i Todalen kyrkje søndag klokka 11:00, vil deler av P17-koret delta, og mellom anna synge nokre ukrainske songar. Takkofferet, som opprinneleg skulle gå til kyrkjelydsarbeidet denne søndagen, går i staden til å hjelpe befolkninga i Ukraina. Vipps: 506908. Det er Todalen Sokneråd som melder dette no i kveld.
Les heile saka
Mange har den siste tida sett at vegen innover stranda og rundt Todalen har mange, og tildels store og djuke, hol i asfalten. Dette er hol som i somme tilfelle har ført til skadar på både dekk og felgar. I dag kom ein representant frå Mesta med asfalt for å fylle i dei verste hola midlertidig.
Les heile saka
Fredag og laurdag markerer Todalen Sanitetsforening fastelavn med sal av fastelavnsrid og fjær utafor butikken til Matkroken Todalen. Vi trefte Åse V. Redalen og Karen Johanne Talgø som var i full gang med salet, og her kunne du kjøpe bukettar med fastelavnsrid – eller fjær for å pynte treet som står ved vegen mellom attmed […]
Les heile saka
I helg går Kårvatn Skimo 2022 av stabelen, og sjølv om vêrgudane lagar utfordingar for arrangøren Trollheimen Fjellsportklobb så går arrangementet nærast som planlagt. Gudmund Kårvatn fortel at løypemannskapet er i fullt arbeid med merking og rydding av løyper og skiftesoner. Vêr og føretilhøva har gjort at ein må legge om løypene og unngå å bruke toppane, men heller bruke Dalalia i større omfang. Med andre ord blir det to turar opp Dalaia i staden for topptur til Tydalsnebba, men det blir slett ikkje mindre krevjande, seier Gudmund.
Les heile saka
Torsdag kveld var det årsmøte i Nordvik Grendalag i Nordvik forsamlingshus. Her vart Ola J. Nordvik valt til ny leiar etter Odd Arild Sande. I tillegg til vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap og val, var renovering av Nordvik forsamlingshus oppe som sak. Her vart det bestemt at det i første omgang blir skifta kjøkkeninnreiing.
Les heile saka
Rute 46 Kvanne – Rykkjem: På grunn av reparasjon av kjørebro blir avgangene 21:15 fra Rykkjem og 21:30 fra Kvanne innstilt.
I samband med at Svorka lanserer solcellepanel frå Hvacs, inviterer dei, i samarbeid med Hvacs til «SOLDAG» i Svorkabygget på Skei onsdag 2. mars. Klokka 12:00 – 14:00 er det lunsjmøte med «Alt om solcellepanel» for private, landbruk og næring. Påmelding til lunsjmøtet på «svorka.no/sol. Påmeldingsfrist er den 27. februar. Frå klokka 14:00 – 16:00 er det «ope hus» for alle som vil ha meir informasjon om solcellepanel gjennom Svorka.
Les heile saka
På grunn av dykkerarbeid på natt ved Kvanne ferjekai i uke 9, blir siste avgang fra Rykkjem kl. 23:35 og første avgang fra Kvanne kl. 05:15 innstilt fra mandag kveld den 28. februar, til torsdag morgen 3. mars, melder Fjord1.
Tysdag 8. februar hadde Surnadal Senterparti årsmøte. Der tok Silje Beate Gulbrandsen Holten attval som leiar for to år til. I tillegg til vanlege årsmøtesaker, støttar årsmøtet i Surnadal Senterparti innbyggar-initiativet som er igangsett for å få på plass trafikksikkerheitstiltak mellom Raneskleiva og Røssmovegen. Denne saka kjem opp til behandling i kommunestyret på vårparten, og er eit synleg bevis på at innbyggar-initiativ kan vere vegen å gå for å få viktige saker sett opp på sakskartet.
Les heile saka
Vi har fått eit tips om at det foregår arbeid i Svinviktunnelen som medfører saktekøyring og muligens venting for å få passere. Vi har, som vanleg, ikkje fått melding frå Statens vegvesen eller Mesta om at det skal foregå arbeid i tunnelen i dag, så kva type arbeid det dreier seg om eller varigheit, er vi ikkje sikre på. Men det kan i alle fall vere lurt å rekne med lengre køyretid, dersom ein skal nå ei ferge eller ein timeavtale.
Les heile saka