Det dufta godt av nykverna og nybrygga kaffe i kaffekroken i dag. Firma Nybrå Agentur var her og leverte ny og moderne kaffemaskin som erstatta den gamle i kaffekroken. Den nye kaffemaskina nyttar heile kaffebønner og bryggar kopp for kopp på «bestilling» – og det skjer på Friele kaffe.
Les heile saka
Surnadal kommune lyser ut sommarjobbar for ungdom i Helse- og omsorgstenesta. Ungdommar registrert busett i Surnadal kommune kan søkje på ordninga. Surnadal kommune ønsker å gje ungdommane innsikt i arbeidet i pleie- og omsorgstenestene i kommunen, og tilbodet er å sjå på som ein introduksjon til arbeidslivet.
Les heile saka
Styret og driftsstyret anlegg i Todalen Idrettslag sin planlagte dugnad i Toåa tursti, onsdag 6. april klokka 17:00, er utsett på ubestemt tid. Dette på grunn av snøfallet som har vore dei siste dagane og vêrutsiktene dei komande dagane. Ny dato og tid for dugnad vil bli kunngjort når dette er bestemt.
Les heile saka
Todalen.no inviterer alle sine medlemmer til påskequiz med tacosnadder i Todalen ungdomshus, onsdag 13. april klokka 19:00. For våre medlemmer er det fri inngang, og ikkje-medlemmer betaler kroner 200,- via vipps ved påmelding. Dette inkluderer i tillegg eitt års medlemskap, dersom ein ønsker å vere medlem i Todalen.no! Det vil også bli sal av Todalen.no sine nyinnkjøpte krus, så meld deg på og bli med på ein triveleg kveld i ungdomshuset!
Les heile saka
Surnadal JFF minner om jaktfeltstemne på Angråmyra laurdag 9. april – påmelding ved frammøte i tidsrommet frå kl 10 til kl 12. Arrangøren oppfordrar lokale jegrar til å ta med jaktrifla og til å delta i jaktfeltskytinga. Klasser både for profesjonelle jaktfeltskyttere og jegerklasser med jaktrifle.
Fredag 8. april, mellom kl. 12:00 – 17:00, er det ope påskebakeriutsal hos Lia gard. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og kaffebrød til påske.
Les heile saka
Søndag inviterte Surnadal Blades sine spelarar til trening og pizza i Arena Nordvest som er namnet på den flotte ishallen i nordmørsbyen. Dette var siste helga det var is i hallen, og det passa difor perfekt med ein dag med trening der for Surnadal Blades.
Les heile saka
I helga har det vært fylkesårsmøte i NKS Møre og Romsdal. Der ble det blant annet valgt ny fylkesleder, da fylkesleder gjennom de siste 8 årene, Ellinor Bolme, ønsket avløsning. Ny fylkesleder ble Britt May Hollås fra Surnadal Sanitetsforening. Les pressemeldingen fra fylkesårsmøtet som er gjengitt nedenfor.
Les heile saka
Er du fans av Espen Lind, så kan du få treffe idolet ditt på Leikarvollen Scene i Bøfjorden. Da kjem han nemleg til Bøfjorden, og no kan du sikre deg billett til den kjente og kjære artisten. Etter ein lang koronapause kjem Leikarvollen Scene no i gang at med ny konsert. Espen Lind har vore […]
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 4. april. Start frå Matkroken/Halsbua kl. 11:00. Blir du med?
Les heile saka
Nest etter TV-aksjonen er Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon den største i landet. Tysdag 5. april, om ettermiddagen, går konfirmantane og medlemmer frå soknaråda i Surnadal kommunen dør-til-dør. Fredag kveld var det pep-talk for årets aksjon i kantina på Surnadal vidaregåande skule. Mange årig Kirkens Nødhjelp kontakt, Bernt Bøe, har send oss ein liten rapport frå pep-talken, som du kan lese nedanfor.
Les heile saka
No blir det ny giv på Bordholmen, med opprusting av deler av anlegget og sesongskifte – våren er under oppmarsj. I dag kom alle bord og bekar ut frå vinteropplaget i reiskapshuset. Det må være eit sikkert vårteikn, og klargjering til 17. mai-feiring med frokost på Bordholmen. I klatrerommet var det støvsuging og full rundtvask
Les heile saka