Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Historisk furu teken ned

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 21. oktober 2022

Onsdag vart den siste furua, som Erling Talgø planta på Kvennset først på syttitalet, teken ned. Erling Talgø planta rundt tretti furuer, for å pynte rundt den «nye» møbelfabrikken på Kvennset, da andre byggetrinn av fabrikken stod ferdig først på syttital. «Furuene vart henta i Hallaneset, og var mellom 2 og 3 meter høge da dei vart flytta til Kvennset», fortel Bernt Kalseth. Han hadde sommarjobb på Talgø og var med og flytta furuene og å plante dei på Kvennset.

Gudmund K. Kvendset førebur sjølve fellinga. Foto: B G Ansnes

Talgø bygde også bensinstasjon på Kvennset, ein stasjon som vart best kjent som BP-en, der Hett & Svett og brannstasjonen i dag held til, og som vart lagt ned for godt hausten 1981. Nokre av furuene som Talgø planta vart planta ved sidan av BP-en.

Anders Mo kappar av nokre greiner for å forenkle fellinga. Foto: B G Ansnes

Da Terje Nordvik i 1983 starta arbeidet med å bygge butikk på området mellom BP-en og Ørastua, vart både bjørkene og furutrea som stod der tekne ned, med unntak av furua som i onsdag vart teken ned.

Men onsdag var altså dagen komen for at også denne furua vart teken ned. Det var Anders Mo og Gudmund K. Kvendset som hadde teke på seg oppdraget, ei oppdrag dei løyste på ein profesjonell måte, og furua vart teken ned utan «dramatikk». Anders Mo slo fast at furua var 65 år gammal, etter å ha rekna årringane.

 

Publisert: 21. oktober 2022, 08:00