Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt om Rinnanbanden på biblioteket

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 16. oktober 2022

Kanskje ei litt skremjande overskrift, men heldigvis er det berre Surnadal bibliotek, som torsdag 20. oktober klokka 13:00 inviterer til bokbad om Rinnanbanden. Henry Oliver Rinnan, bandeleiaren, og hans folk i Rinnanbanden, var av dei mest frykta og forhatte nordmennene under verdskrigen, gjennom si brutale og hensynslause verksemd i okkupanten si teneste.

Aage Georg Sivertsen har skrive historia om Rinnanbanden; ei samling tilsynelatande ganske vanlege nordmenn, men som vart torturistar og ansvarlege for at tusen landsmenn hamna i konsentrasjonsleirar.

Her er dei mest sentrale medlemmene av Rinnanbanden samla på den gamle ferjekaia på Rykkjem: Karl Dolmen (frå venstre), Henry Rinnan, Ivar Grande og Ingvar Aalberg. Biletet er henta frå boka «Rinnanbanden» av Aage G. Sivertsen.

Sivertsen har skrive ei bok før om Henry Oliver Rinnan og har også laga ein dokumentarfilm der både kona Klara og sonen Roar deltok.

Svein Sæter vil vere samtalepartnar under bokbadet på biblioteket og det er gratis inngang.

Arrangementet er heilt og fullt støtta av «Den kulturelle spaserstokken» – ei ordning Møre og Romsdal fylkeskommune står attom.

 

 

Først publisert: 16. oktober 2022, 08:00 - Sist oppdatert: 13. oktober 2022, 14:40