Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kulturhus – Ukraina sin 600 års lange fridomskamp

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. oktober 2022

Måndag 24. oktober klokka 19:00, på FN-dagen, kjem Halvor Tjønn til Surnadal kulturhus. Få, om nokon, veit meir om historia attom kampen ukrainarane no kjempar, enn Halvor Tjønn.

Halvor Tjønn har gjennom tretti år følgd dei store konfliktane som journalist, kommentator og forfattar. Han har m.a. vore Aftenposten sin korrespondent i Moskva gjennom kaotiske tider og besøkt Ukraina meir enn tretti gongar.

Den første boka til Tjønn har også same geografiske opphav: «Vikingenes Russland» har kome ut i fleire opplag på norsk, men også på russisk og ukrainsk. No held han på med det fire-binds store verket om russisk historie, der også hendingar i Ukraina er via stor plass – ikkje minst sia Kievriket var den dominerande statsdanninga frå starten av.

Halvor Tjønn er ekspert på Ukraina sin fridomskamp. Foto: Eli Berge/Fotofil

Tjønn vil ikkje berre sjå attover, men også ta for seg dagens tragiske situasjon i Ukraina.

Det er Folkeakademiet Surnadal, i samarbeid med Surnadal bibliotek, som arrangerer foredraget. Gratis inngang – og denne kvelden er kinosalen absolutt rette plassen for dei som hungrar etter å vite meir om «Ukraina – 600 års kamp for fridom».

Først publisert: 20. oktober 2022, 05:00 - Sist oppdatert: 19. oktober 2022, 22:07