Søndag 1 mai har Todalshytta komponert ein spesiell meny, og markerer at nye bord er på plass – både i den store og lille peisestua, fortel Arve Evensen. For å utnytte plassen betre i peisestuene så er borda skifta ut med nye bord, som er på plass i disse dager. Søndag vil kjøkkenet markere med ein spesialmeny for denne dagen.
Les heile saka
Heldigvis var det berre ei stor redningsøving som i går kveld samla redningsetatane til felles innsats i Svinviktunnelen. Klokka 18.44 vart det ringt inn melding om ulykke med 2 bilar involverte inne i tunellen. Straks begynte det å skje ting, og da kom først ambulanse, brann/redningsmannskap og politi til staden i tur og orden
Les heile saka
Tysdag 3. mai klokka 18:00 inviterer Todalen Sokneråd til vårdugnad på kyrkjegarden. Det blir raking, oppretting av gravstøtter og rydding etter vinteren. Ta difor med høveleg utstyr som t.d. rive, spade, trillebår.
Les heile saka
Onsdag 4. mai klokka 18:30 – 20:00, inviterer Surnadal kommune alle til orienteringsmøte om Helseplattformen i Svorkasalen på Surnadal kulturhus. Bakgrunnen for informasjonsmøtet er at Surnadal kommunestyre den 16. juni skal ta stilling til om Surnadal kommune skal delta i forprosjektet eller ikkje. Så lurer du på kva Helseplattformen er og kva felles pasientjournal for helsetenesta i Midt-Norge vil bety for deg? Da kan du ta turen til Surnadal kulturhus onsdag den 4. mai!
Les heile saka
Biblioteket inviterer til nok eit boktreff – og med eit tema som verkeleg engasjerer! Da villaksen vart temma og sett ut i merdene, begynte det å skje store ting. Mange i distrikta fekk arbeid, og nokre vart til og med ustyrteleg rike. Reine eventyret, meinte Staten, og peisa på med enno fleire konsesjonar.
Les heile saka
I morgon presenterer Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag krava sine til årets jordbruksoppgjer, og på torsdag kjem regjeringa med sitt tilbodod i oppgjeret. I samband med dette, var Stortingsrepresentant Jenny Klinge, saman med leiar i Surnadal Senterparti, Silje Beate G. Holten, i går ettermiddag på besøk hos bonde Jan Henrik Moen, som driv garden Utigard på Sande i Øvre Surnadal.
Les heile saka
I år er vi attende til god gammeldags feiring av nasjonaldagen den 17. mai, fortel Borghild Talgø i 17.- maikomiteen. Det vil seier at vi er attende til 2019-programmet og vil i år kjøre «full pakke» gjennom heile dagen. Starten på feiringa blir sjølvsagt biltog – eller «skrommeltog» som vi sa i gamle dagar, og fortsetter med frokostservering i idrettslagets regi
Les heile saka
Etter ein lang godversperiode med sol frå klår vårhimmel kom siste måndagen i april med grått og surt ver, men opphalde og stilt, alstå godt turver.
Les heile saka
Kvar tysdag er det balldag på Todalshytta! Her bys det på både potetball med tilbehør og sildball med stekt bacon, fortel Arve Evensen som er vert på Todalshytta. Det serveres ball frå kl 15:00 og utover til kl 18:00. Todalshytta tek gjerne mot bestilling på telefon 929 97 550.
Torsdag 28. april klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag til ein ny sesong med stavgang. Det er oppmøte i Brøskehagen i Stangvik klokka 11:00, og det er mogleg å parkere ved fabrikken. Etter stavgangturen blir det kaffe på Svissholmen.
Les heile saka
Surnadal Næringsforening og Surnadal kommune er no i gang med å registrere alle lag, foreiningar og ideelle organisasjonar. Bakgrunnen for dette, er at det skal lagast ei brosjyre, som vil bli publisert digitalt på offentlege nettsider, og ei trykt brosjyre som blir delt ut til tilflyttarar og turistar.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 25. april. Start frå Matkroken Todalen kl. 11:00. Alle er velkomne til å bi med ut og gå tur!
Les heile saka