Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Haustlys» i Galleri Finstuå

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. november 2022

Surnadal kunstforening inviterer laurdag 26. november klokka 13:00 til opninga av kunst- og fotoutstillinga «Haustlys» i Galleri Finstuå på Surnadal kulturhus. Tema for utstillinga er kortreist, gjenbruk og redesign. Det er fem utstillarar på utstillinga. Utstillinga «Haustlys» er open i perioden 26. november – 10. desember. 

Desse stiller ut under «Haustlys»:

Surnadal Fotoklubb

Fotoklubben i Surnadal har vore aktiv i mange år, og har mange dyktige fotografar blant sine medlemmer. Dei deltek med mange spennende bilete, mellom anna med lokale og kortreiste motiv.

Bjørn Ove Fjærli

Kunstneren Bjørn Ove Fjærli, var frå Surnadal og gjekk dessverre bort tidlegare i år. Han var ein porduktiv kunstner med stor produksjon, som stilte ut i kunstforeninga ved fleire høver. I samarbeid med familien får kunstforeninga stille ut og selge deler av Bjørn Ove sin produksjon. Han var ein kunstnar som tok i bruk mange forskjellege materialar og sto for gjenbruk i rikt monn. Utstillinga Haustlys er åpen i perioden 26. nov. – 10. des. 2022.

Emil Bråten

Emil er frå Ålvundeid i Sunndal kommune, og lagar kunstverk gjennom å bruke opp att metall. Det kan vere metall frå gamalt bestikk eller bestanddelar frå industrien eller maskiner.

Han stiller med små jernfuglar laga av bestikk, forutan eit dragehovud, som også er laga av redesigna gjenstandar, under utstillinga.

Sasha Stabell

Sasha bor i Ålesund og lagar ringar og smykke av gamle sølvskeier, under mottoet «Sølv er så mye mer enn bare andreplass».

Interessa for sølvty minkar, men ved å redesigne bestikk av sølv til nye produkt, ønsker Sasha Stabell å gjere gamle sølvskeier aktuelle att.

Smykka hans har allereie blitt særs populære, ikkje minst etter mykje medieomtale den siste tida.

Invitasjon til Haustlys 2022

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 22. november 2022, 18:00