Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjøp Trimgruppas julekalender – salet er godt i gang

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. november 2022

På Matkroken Todalen er trimgruppa i gang med salet av julekalendrar.  Dette prosjektet er nytt av året, og skal gje nokre ekstra slantar i kassa for TILs trimgruppe.  Julekalenderen har gjevinstar kvar dag frå 1. desember og fram til og med julaftan, og vinnaren blir kunngjort kvar dag fram til jul på Todalen.no.  Kvart lodd på julekalenderen kostar kr 100,- og du kan kjøpe så mange du vil!

Du kan kjøpe lodd via Vipps heile tida fram til 30. november – Vippsnummeret er 523022 – skriv inn namn på loddkjøpar. Illustrasjon TIL trim

Gjevinstane er av den kortreiste typen, med lokale gjevarar kvar dag fram til jul.  Det var opna for sal av julekalendrar i går, og du kan kjøpe via vips eller ved oppmøte på Matkroken i dag og til neste laurdag.   Vippsnummeret for kjøp av årets julekalender er #523022.  

Ellers er det framleis høve til å bidra med kortreiste gevinstar til julekalenderen – men no begynner det å haste litt – ta kontakt med oss!

Først publisert: 22. november 2022, 12:20 - Sist oppdatert: 23. november 2022, 23:08