Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i kald vind frå aust

Dordi Jorunn Halle Tysdag 22. november 2022

Nest siste måndagen i november var det retteleg kald vind frå aust, men kløvertur vart det! Ikkje så mange deltakarar, men godt påkledde og såg mest ut som «polfarar».

No har det vore tørt og vindfullt lenge, så det er kjøle fint og «stjerte» å gå etter stigane i Kvennsetliene.

Frå Matkroken tok turfølget kortaste vegen opp i skogen der var litt ly for vinden. Ruta var ikkje fastlagt, så det vart litt att og fram før det vart namneskriving oppå Løfta. Vidare gjekk turen oppå Flata med utsikt utover fjorden og Holmen.

Oppå Løfta. Med på turen: Helen, Berit, Helga, Jorunn, Marit, Åshild, Arndis. Foto: Dordi J H

Motbakkane er tunge for pusten, og unnabakkane er harde for knea – men slik er det i Todalen. Skal det vere skogstur, så blir det både «opptur» og «nedtur».

Til slutt var det samling i Kaffekroken på Matkroken – godt å kome innomhus og få noko varmt å drikke.

Neste måndag er det ny kløvertur, og da er vi alt inne i adventstida.

På tur opp til Løfta. Men ein liten «pratepause» i motbakkane. Foto: Marit Sanden Søyset.

Fin stiga! Gjer godt med motbakkar! Foto: Marit Sanden Søyset.

Publisert: 22. november 2022, 11:21