Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klart for lutefiskkveld på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. november 2022

Etter ein suksessfull thai-buffe med fullt hus sist helg, er det no klart for lutefiskaften på Todalshytta komende laurdag.  Lutefisk er nok ein tradisjonsrik julerett for mange, men lutefisken har også førjulstradisjonar i mange heimar.  Laurdag kveld finn du altså lutefisk som einaste rett på menykartet på Todalshytta. 

Laurdag kveld er det lutefiskaften – med alt av godt tilbehør lovar kjøkkenet.

Restauranten opnar dørene kl 17:00 og kjøkkenet held serveringa gåande til kl 20:30.  Kjøkkenet håpar at mange har lyst på lutefisk, og vil strekkje seg langt for at gjestane skal få tilbehør som dei er vante med.  Du bestiller bord og meny på telefon/SMS nr 929 97 550 til Arve Evensen. 

Sist laurdag var Ning Vikavoll gjestekokk på Todalshytta, og sørga for ein smakfull og velsmakande thaibuffé! Du verden det var mykje god mat.   Foto Jon Olav Ørsal

Nokre av rettane på buffébordet – som gikk unna på «høgkant»! Foto Jon Olav Ørsal

Sist laurdag var det det fullt hus med matglade gjestar da Todalshytta serverte thai-buffe for første gong.  Ning Vikavoll var gjestekokk og serverte smakfulle rettar som gjestane sette stor pris på. Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta seier at dette var så vellukka at det heilt sikkert blir ny thai-buffe når det lir utpå etterjulsvinteren. 

Julestemninga er på plass på Todalshytta – både utvendig og innvendig! Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 22. november 2022, 14:00