Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jul på Nordmøre i handelen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. november 2022

Tradisjonsrike Jul på Nordmøre er inne i sin 87. årgang, og no er 2022-utgåva av juleheftet i handelen. Årets utgåve har meir enn tjue skribentar på lista. Her vil lesarane møte både gamle og nye skribentar.

– Heftet skal være gjennkjennbart fra år til år. Juletradisjoner er ikke noe en eksperimenterer med, seier leiar i skriftstyret, Lars Steinar Ansnes, som retter ein stor takk til alle som har bidrege med stoff og annonser til årets Jul på Nordmøre.

Framsida er teikna av Bergljot Hals, og Mediahuset på Sunndalsøra står for den grafiske produksjonen. Utgjevar er Nordmøre og Romsdal ungdomslag.

Forhandlarnettet er stort sett det same som tidlegare år. Det betyr at dei fleste interesserte ikkje treng å reise så langt for å kunne få kjøpt heftet.

Først publisert: 23. november 2022, 06:00 - Sist oppdatert: 22. november 2022, 12:04