Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Premiere for historielagets årsskrift for 2022

Jon Olav Ørsal Sundag 20. november 2022

Presentasjonen av årsskriftet er det store høgdepunktet for Todalen historielag.  Søndag ettermiddag vart årsskriftet for 2022 presentert i ungdomshuset, og det samla eit 60-tal med sambygdingar til bokslepp.  At historielaget i bygda har eit par hundre medlemar viser at todalingane tek vel vare på historia og som tok i mot sitt årsskrift med stor interesse.

Årsskriftet for 2022 inneheld 84 sider med aktuell og interessant lokalhistorie, og har mange bidragsytarar til eit variert utval av artiklar og forteljingar.  Det er Dordi Jorunn Halle som har vore redaktør for årsskriftet, men med seg i skriftstyret har ho hatt Sven Olav Svinvik, Anna Ingeborg Nordvik, Sissel Halset Storslett og Wenche Østenby Kvendset. Leiar John Moe og redaktør for årsskriftet, Dordi Jorunn Halle, ønska velkomne og orienterte om produksjonen av årsskriftet og fortalte om det redaksjonelle innhaldet. 

Skriftstyret for årsskriftewt for 2022 – frå venstre Dordi Jorunn Halle som har vore redakstør, Wenche Ø. Kvendset, Sven Olav Svinvik, Sissel Halset Storslett og Anna Ingeborg Nordvik. Foto Jon Olav Ørsal

Som sagt er det variert stoff i årsskriftet, der ein startar med ein artikkel om Ane Kårvand som vart 101 år gamal – ein artikkel som i si tid vart skriven av Leif Halse.  Vidare er det ein artikkel om hermetisering – ein konserveringsmetode som no er lite i bruk, men som var viktig i gamle dagar – Maren Ansnes deler sin kunnskap om det emnet med lesarane.

Stor ineteresse for lokalhistoria i Todalen – eit 60-tals medlemar var møtt fra på boksleppet sist søndag. Foto Jon Olav Ørsal

Frå Nordvik er det også ein delt stoff – Nordvik-songen som Jon Lunde har skrive teksta til er med i skriftet, og i tillegg er forsamlingshuset omtala i ein artikkel som Anna Ingeborg Nordvik har skrive.  I heftet er det også med ein artikkel om røysene på Øygarden – den er skriven av Ole Alexander Dyrli Husby, som var med på utgravinga der.  Ein artikkel om dei gamle vegane i Åsbøhauan og til Nordvik er omtala i årets hefte.

Dordi Ørsal Oterhol i Halsa Heimbygdlag har skrive artikkelen om Olav Halse. Foto Jon Olav Ørsal

Dordi Ørsal Oterholm presenterer i ein omtale Olav Halse,  som kunstmålar og musikar.  – Han er fødd i Todalen og flytta seinare til Halsa – på boksleppet var det laga ei utstilling av nokre av Olav Halses måleri i ungdomshuset. 

Elles er det ein fornøyeleg artikkel om Skjorahanen, eller soga om Austistugutane, – og ein artikkel om Anton Myrvang som livnerte seg som rive- og ljåorvprodusent på småbruket Myrvang.

Sven Olav Svinvik og Wenche Ø. Kvendset sørga for utdeling av hefter som er inkludert i medlemskapet – årsskrifta vil elles kome i sal på Matkroken Todalen. Foto Jon Olav Ørsal

Dordi Jorunn har skrive ein omfattande artikkel om historia til Todalen ungdomslag. Med tilgang på protokollar frå starten i 1891 til laget gjekk inn i Todalen idrettslag i 2001, har ho funne mykje interessant stoff å basere historieforteljinga på.  Artig og interessant lesnad om korleis organisasjons- og kulturlivet i bygda har utvikla seg. 

Heilt til slutt i årsskriftet er det presentert ei slags minnebok, med mange aktuelle bilde av folk og hendingar oppgjennom åra – her er bruka bilde som er henta frå historielagets eige bildearkiv – skanna av lagets «skannerpatrulje» Ingri Bruset og Ragnhild A. Moe. I det heiletatt eit interessant og godt  gjennomarbeidd årsskrift!

Eit av bileta som var utstillt er i Dordi Jorunns private eie. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 20. november 2022, 18:12