Surnadal kommune opplyser at siste frist for å bestille husnummerskilt via kommunen snart går ut. Alle 4884 adresseverdige bygg i kommunen har no fått tildelt husnummer (adressenummer). Huseigar eller festar har ansvaret for å sette opp nummerskilt på eige(ne) bygg eller eigedom. Mange har bestilt våre skilt med svarte tal på kvit refleksbakgrunn, godkjent av Kartverket.
Les heile saka
Frå september vil det bli arrangert ICDP-foreldregruppe for foreldre som har elevar på ungdomstrinnet i Surnadal kommune. Da inviterer helsesjukepleiar Heidi E. Fiske og ungdomskontakt Kristin Børset til foreldregruppe, som går over 8 veker på torsdagar. Oppstart blir torsdag 22. eller 29. september, men dette vil bli kunngjort til deltakarane i god tid før oppstart.
Les heile saka
Det er kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune som no er i gang med arkeologisk undersøking i den framtidige vegtrasèn i Svinvika. Arkeologar er no i gang med å ta ut prøvar frå sjakter som er gravd fram på innmarka, og det er gjort eit par små funn så langt i prosessen. Det er funne ei kokegrop og litt gammel dyrkingsjord med dei stikkprøvane som er gjort til no. Heile nesset, med arboretet og Svinvika er med i prosjektområdet der det no skal gjerast forundersøking.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgangtur til Holtasetra i Søyådalen torsdag 25. August. Parkerer ved brua, så går turen derifrå og opp til setra. Oppmøte klokka 11:00.
Les heile saka
Det er mykje fokus på at fjellbeitene grør att og at det veks att med kratt og buskas langt til fjells. Det er nok fleire årsaker til at utmarka gror att, men to vikige faktorar er nok mangel på beitedyr, både sauer og storfe, og så er det klimaendringane. Vi har vel ikkje noko umiddelbar løysing på nokon av problema, men vi tykkjer det er synd at den fine fjellbeita vi har her i Trollheimen ikkje blir nytta ut. Vi kjem vel både borti næringspolitikk og rovdyrpolitikk dersom vi skal diskutere dette.
Les heile saka
Laurdag den 27. august inviterer Turgruppa i Gamle Stangvik, med støtte frå Stangvik Historielag, «Årnesdagen». Oppmøte klokka 11:00. Det er mogleg å parkere ved Jørristu-fjøset eller ved grendahuset på Årnes. Dagen startar med ein kort tur opp til Musters-husa (Trøinn).
Les heile saka
Søndag fikk vi nærast uventa besøk i redaksjonen! Det var frå Fonna Forlag – redaktør og majoritetseigar Kjartan Helleve som stakk innom. Han hadde ærend i området, og kom på at han skulle stikke innom og sjå seg litt rundt i Todalen når han først var på disse traktane.
Les heile saka
Soknerådet hadde is i magan og arrangerte friluftsgudsteneste i Svinviks arboret. Men det var ikkje så lenge etter at gudstenesta var ferdig, før dei første regndråpane gjorde sitt inntog. Det har faktisk vorte faktisk tradisjon å arrangere friluftsgudsteneste i arboretet, og i år var det faktisk eit trettital som kom og vart med på gudstenesta.
Les heile saka
Oppmøte ved Matkroken til vanleg tid kl 11:00 for samkjøring til Svinvika. Så går vi ein runde og tek matpause oppå Kammen. Kom og bli med det gjer så godt – Alle er velkomne!
Les heile saka
Neste helg, 26. – 28. august, inviterer kvinneutvaget i Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) til NJFF Jentehelt 2022 i Surnadal. Det er framleis ledige plassar, så har du lyst til å vere med, så er det berre å melde seg på. NJFF Jentehelg 2022 er eit tilbod til alle friluftsinteresserte jenter i alle aldrar, og ein treng ikkje ein gong å være medlem i SJFF for å kunne vere med!
Les heile saka
Den nye trasèn for Kårvatn Sky Race fikk ein skikkeleg elddåp da Fredrik Bruseth kom først i mål på den 27 km lange runden i fjella ovafor Kårvatn. Bruset etablerte dermed løyperekord på 3.31,50, medan Martin Fossen kom på 2.-plass med 4.05,21 og Thomas Sandhaug kom på 3.plass med 4.05,29. Erik Kårvatn låg egentleg godt an i løypa, men måtte gi seg på grunn av etterdønningar etter luftvegssjukdom. 18 deltakarar i herreklassen på 27 km. Totalt var det 57 deltakarar under årets Kårvatn Sky Race som altså er det fjerde i rekkja.
Les heile saka
Presis kl 11 stakk hovudfeltet til fjells fra startportalen utafor butikken til Kårvatn Fjellutstyr. Hovudfeltet er alle som løper 15 km konkurranse og alle på 27-km trasèn. Begge er heilt nye trasèar som det er knytt stor spenning til. Først ut var Erik Kårvatn som også skal forsvare fjorårets seier, og det er nok ingen bakdel å være lommekjent i området.
Les heile saka