Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt i gang med volleyball

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 18. januar 2023

Todalen Idrettslag har dei to siste tysdagane invitert til volleyball i gymsalen på Todalen skule. Dette er eit tilbod idrettslaget vil halde fram med på tysdagane framover, om det er interesse for det. 

Dei to første kveldane har hatt ganske bra oppmøte, med åtte første kvelden og sju i går kveld. Men det er plass til fleire, så har du lyst til å vere med på volleyball no framover vinteren, så er det berre å møte opp i gymsalen på Todalen skule tysdagane klokka 20:00!

Det blir rapportert om at spelet dei første to kveldane har vore engasjerande og utan skadar av noko slag, sjølv om iveren somme tider kan vere større enn ferdigheitene. Uansett er poenget å få litt fysisk aktivitet samtidig som det er artig! 

Publisert: 18. januar 2023, 12:07