Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Frivilligsentralen med utdeling av hushaldningsvarer

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 18. januar 2023

Før jul fekk Surnadal kommune og Frivilligsentralen eit brev frå Møre og Romsdal Fylkeskommune. I brevet stod det at dei fekk 21.000 kroner til utdeling blant kommunen sine innbyggarar, som treng det mest i jula. Da Surnadal Sanitetsforening allereie var i gang med si utdeling, valde dei å venta til etter jul, da januar også kan vere ein særs vanskeleg månad for mange.

Frivilligsentralen tok kontakt med Surnadal sanitetsforening, som sa ja til å vere med som samarbeidspartner. Det er noko som heiter: «Lytt til erfarne fjellfolk». I dette høvet valde dei å «Lytte til erfarne, frivillige omsorgspersonar».

Januar kom, og tida var inne for å setta plana ut i livet. Onsdag morgon møtte difor fire blide damer frå Surnadal sanitetsforening og ei frå Frivilligsentralen opp på Kiwi. Der handla dei inn mat- og hushaldsartiklar til den «store gullmedalje».  Det vart til slutt 42 bereposar, som no er klare til henting og utlevering.

Surnadal Frivilligsentral nyttar høvet til å takke Møre og Romsdal Fylkeskommune for tildeling av pengar. Dei takkar også Surnadal sanitetsforenig for samarbeidet og Kiwi for velvilje og tålmod.

Publisert: 18. januar 2023, 13:48