På jonsokdagen 24. juni vart den førtiande «Jonsvaka» (sia 1982) arrangert i Åsskard-kyrkja. Kor, solistar, musikarar og stappfullt hus sørga for ei fulltonande jonsokfest.
Etter biletkåseri med tilbakeblikk på 40 års historie og ein triveleg kaffepause kom konserten «Tonar til alle tider». Tittelen viste til musikk som på ymse måtar knyter seg til årstidene og til døgnets faser, til høgtidene i kyrkjeåret frå advent til pinse og til mange hundre års kulturhistorie
Les heile saka
Dei siste par vekene har det pågått arbeid med å bytte ut luftlinjer med jordkablar i Brusetgrenda og deler av Halagrenda. Det er Svorka, eller rettare sagt nettselskapet S-Nett som no oppgraderer straum- og breibandsnettet i dette området.
Les heile saka
I kveld var det dugnad på Bordholmen stadion for å klargjere anlegget til Todalsdagen, som blir arrangert laurdag 2. juli frå klokka 10:00 og til eit godt stykke ut på ettermiddagen. Mange møtte opp for å vere med på dugnaden.
Les heile saka
I sommar er vokaltrioen AD UNDAS på ein seksdagers turne på Nordvestlandet og i Trøndelag – mellom anna stikk dei innom Svinviks arboret for å halde konsert fredag 8. juli med konsertstart kl 19. I innbydinga skriv dei at di byr på ei annlleis konsertoppleving som passar både store og små. I arboretet har dei budd seg på at det kan bli litt nedbør, så både artistar og publikum får tak over hovudet under konserten.
Les heile saka
Fredag 1. juli, mellom klokka 12:00 – 17:00, er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Dette er siste bakeriutsal før sommarferien. Her er det mogleg å få kjøpt både fleire sortar med grovbakst, og ikkje minst ein godbit for å kose seg med i sommarferien.
Les heile saka
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 11. og tysdag 12. juli. Det er mange ledige timar båe dagane.
Les heile saka
Onsdag 29. juni, arrangerer Svinviks arboret nok ei «lunsjvandring» i arboretet. Oppmøte ved kafeen klokka 12:00, for den som vil delta på ei halvtimes vandring i lag med fagansvarleg i Svinviks arboret, Katarina Wedelsback Bladh. Dette kan godt kombinere med eit besøk i kafeen før eller etter vandringa. Svinviks arboret kan også freiste med fotoutstillinga «Store lille verden» som Jõrg Brunke akkurat no har i den gamle billettbua i arboretet.
Les heile saka
Talgø er på jakt etter en ny medarbeider til «Team Talgø». Denne gangen er det en grafisk designer eller innholdsprodusent som er i Talgøs søkelys, forteller Markeds- & kommunikasjonssjef Janne Rangnes til Todalen.no. Er du interessert, så har du frist på deg ut juli måned med å levere en søknad. Bla videre og les i annonsen om stillingen…
Les heile saka
Todalen sokneråd melder om gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 3. juli kl 11:00. Det blir Einy Rendal Elgsæther som blir liturg under gudstenesta og organist er Bernt Bøe. Takkoffer til Kirkens SOS – bruk gjerne Vipps 506908. Alle sammen er velkomne, melder Todalen sokneråd til Todalen.no.
Torsdag 30. juni klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur til Krokvatnet. Oppmøte ved Dømmheim bedehus for samkøyring, da det er bomveg.
Les heile saka
Med bakgrunn i vêrmeldingane for tysdag, er tysdagens dugnad på Bordholmen stadion utsett til onsdag 29. juni klokka 18:00. Da skal det fliast til Todalsdagen 2022, som blir arrangert på Bordholmen 2. juli. Det skal kløppast gras, rakast og gjerast litt anna forefallande arbeid, som å flytte benkar.
Les heile saka
Onsdag 29. juni klokka 15:00 inviterer Surnadal Arbeiderparti til treff på Røv Mølle. Dit kjem også Stortingsrepresentant og Fylkesleiar i Møre og Romsdal Arbeiderparti, Per Vidar Kjølmoen for å vere med.
Les heile saka