Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lang tradisjon med sal av fastelavnris

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. februar 2023

Sal av fastelavnsris er slett ikkje noko nytt for Saniteten – det er snart 80 år sia dei starta så smått, og kor lege det har pågått i Todalen er det ingen som veit.  NKS – Norske Kvinner Sanitetsforening vart starta alt i 1896, og Todalen Sanitetsforening kom på banen alt i 1916.  No til helga er det ny runde med sal av fastelavnsris og tysdag var det fullt kjør med produksjon av bukettar som skal selgast utafor Matkroken Todalen på fredag og laurdag.  

Jorunn Hals Ørsal og Solveig Glærun sørger for pynting av riset med fargerike fjør. Foto Jon Olav Ørsal

I Sanitetshuset gjekk produksjonen for fullt, og det var god stemning etter kvart som bukettane tok form, og vart pynta med fargerike fjør.  Fredag frå kl 10 og laurdag frå kl 10.30 blir det altså sal av bukettar og lerkehjarte for kr 100 pr stk og i tillegg skal det seljast store fjør for kr 20 pr stk til punt av «fjørtreet» som står utafor butikken på Matkroken.  

Inntekta av fastelavnsaksjonen går uavkorta til kvinnehelseforskning, som er ein av fanesakene til NKS – Norskje kveinner Sanitetsforening.  I Todalen har det tradisjonelt vore godt salg av fastelavnsris og dermed ei god støtte til NKS sitt forskkningsarbeid.

Klart for produksjon av fastelavnsris – Solveig Glærum og Arndis Søyset med «råvarer» som skal kappes opp til å bli fastelavnsris som blir pynta opp med fjør. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 14. februar 2023, 13:00