Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pussar opp og lagar troppestudio på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. februar 2023

Travle tider og stor aktivitet på Gammelfabrikken i Brusetmarka.  Lokalane som den siste mannsalderen har vore bruka til møbelutstillingar for dei forskjellige Talgø-fabrikkane er no under ombygging og oppussing, og vil bli tilpassa dagens behov og når det gjeld møte- og salsarbeid for Talgøkonsernet.  Den nyaste avdelinga vil bli utstilling for Talgø Møretre samt at det vil bli rigga til ein lounge eller salog med sofa- og salongmøbler ved den store peisen og vil bli Talgøkonsernets storstue.  

Anita Talgø har vore prosjektleiar for oppgraderinga på Gammelfabrikken – her står ho i lounge eller skal vi kalle det storstua. Foto Jon Olav Ørsal

Utstillingslokalet som mot øst (nærast storfossen) er under full ombygging, og skal no bli troppestudio – med utstillingar for Talgø Melby tropper frå Melbys Snekkerverksted som i dag er ein del av Talgø-konsernet. Her er det bygd eit moderne lokale som vil bli ansikt utad for troppefabrikken når det er kundebesøk i Todalen, fortel Anita Talgø som er prosjektleiar for opprustinga av Gammelfabrikken.  Da vi stakk innom var det fullt opp med handverkarar – det pågikk rydding, snekkering, målararbeid og elektrikerarbeid.  

Ted og Martin Svingar kosten – her blir det nye farger etter kvart. Foto Jon Olav Ørsal

Fredrik Talgø sørger for nytt breiband til alle avdelingar. Foto Jon Olav Ørsal

I andre høgda er det planer om å presentere Talgø-historia –  ei historie som går attende til 1899 og som skal vise litt av det som har skjedd i det snart 125 år gamle industrieventyret vi har opplevd i Todalen.  Her er det og sett av plass for å vise historiske verktøy- og handverksamlingar frå bygda – gåver som er donert både frå Sigvart Husby og Henrik Halle/Olav Stengels etterkomarar. 

Første del av arbeidet, som omfattar 1 etasje vil bli ferdig i løpet av våren eller sommaren, og da bebudar Anita at bygdefolket skal inviterast på omvisning og kaffelag slik at dei får sjå.  Når det gjeld den historiske avdelinga i 2.-etasjen så trur Anita at dei treng ein litt lengre horisont før den er klar til omvisning og presentasjon.  Men også denne delen tar form etter kvart.  

Ryddegjengen som sørga for å flytte unna handverkarane – frå venstre Wladek Gielzakowski, Torkjel A. Moe, Ove Edvin Sæterøy og Dan Roger Pedersen. Foto Jon Olav Ørsal

Magne Søyset har vore snekkar og bygd om heile utstillingslokalet som skal bli troppestudio – i tillegg er det bygd nytt sanitæranlegg. Foto jon Olav Ørsal

Publisert: 14. februar 2023, 18:00