Presentasjonen av årsskriftet er det store høgdepunktet for Todalen historielag. Søndag ettermiddag vart årsskriftet for 2022 presentert i ungdomshuset, og det samla eit 60-tal med sambygdingar til bokslepp. At historielaget i bygda har eit par hundre medlemar viser at todalingane tek vel vare på historia og som tok i mot sitt årsskrift med stor interesse.
Les heile saka
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag har bruka dei siste dagane til å få laga skeiseis på Bordholmen stadion. Det har vore minusgrader dagane, noko som har gjort at det har vore mogleg å lage skeiseis.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 21. november. Start frå Matkroken kl. 11:00.
Les heile saka
Søndag 20. november klokka 15:00 inviterer Todalen historielag til «bokslepp» i Todalen ungdomshus. Her vil historielaget sitt rykande ferske årsskrift for 2022, bli presentert. Det blir også utstilling av måleri måla av Olav Halse, yngre bror av Leif Halse, og sjølvsagt kaffe og bakels!
Les heile saka
Neste veke vil Surnadal AP presentere partiet liste til kommunevalet neste år, men alt i dag presenterte partiet forslag til listetoppar. Ved valet i 2023 blir Annett Ranes ordførarkandidat og Helge Røv blir varaordførarkandidat – akkurat som for 4 år sia. Det var Odd Arild Sande, som er leiar i nominasjonskomiteen, som presenterte nominasjonskomiteens ordførarkandidatar for den lokale pressa i dag. Han fortalte at dei starta jobben alt i mai og har lagt ned mykje arbeid for å finne kandidatar til partiets liste ved kommunevalet i 2023.
Les heile saka
Todalen Idrettslag og Todalen bøgdalag minner om at dei inviterer til julebord i Todalen ungdomshus laurdag 3. desember klokka 20:00. Det blir servert ribbe, pinnekjøtt, medisterkaker og pølser med tilbehør. Etterpå blir det sjølvsagt servert dessert!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening har, som vi tidlegare har skrive om, søkt om, og fått tildelt totalt 600 000 kroner frå Damstiftelsen til prosjektet «Inn på tunet». Dette er eit tilbod om helgaopphald for pårørande og personar med demens og kognitiv svikt. Todalen sanitetsforening samarbeider med Jostua på Bele og Oppistua på Øye om tilbodet
Les heile saka
Det spørsmålet stiller Surnadal kommune. Bakgrunnen er at kommunen no tek imot personar som er tvinga på flukt frå krig og uro i heimlandet sitt rundt om i verda, men spesielt frå Ukraina.
Les heile saka
Vangsgutane for 2022 er forlengst komne på plass i butikkane. Årets hefte har 36 sider med artige forteljinger med lokalt tilsnitt – handlinga i Vangsgutane har framleis si handling i Todalen og som vanleg finn Steinar, Kåre og Larris på nokre sprell. I år hanlar den nye delen om romfartseventyret på Vangen. I den nye delen er det Kjartan Helleve som fortel og Ivan Andreassen som teiknar.
Les heile saka
Styret i Surnadal Arbeiderparti inviterer alle medlemmer til medlemsmøte tysdag 22. november i kommunestyresalen på kommunehuset klokka 19:00 – 21:00.
Les heile saka
I år satsar Trimgruppa på ein ny og kreativ vri med å lage eein eigen og lokal variant med julekalender, og da er det sjølvsagt gevinstar av den lokale og kortreiste typen. Det kan være lokalprodusert handtverk, mat, bakst eller kunst – og sjølvsagt mukje anna rart som skal gjera det spennande å «opne luka» […]
Les heile saka
Sanitetsforeininga i Todalen legg til rette for mange gode møteplassar i bygda – det er kjekt og viktig! Både strikkekaffe og kløvertur er lågterskeltilbod og er opne for alle.
Les heile saka