Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal melder at Stikk UT! Vinter startar 15. desember! Her er det både skiturar og fotturar. I Todalen er det to vinterturmål, nemleg Tjønnmyran og Toåa tursti. Tjønnmyran er skitur, og Toåa tursti er fottur.
Les heile saka
I dagens trekning i Adventlotteriet var det også 2 gevinstar attafor luke nummer 13. Den første gevinsten er eit stort glas med julebakst som sjølvsagt er kortreist. Den heldig vinnar denne gongen er Sissel Vigdis Gravvold. Dagens andre vinnar er også sikra kaffebrød i innspurten mot jul…… Ein stor pose med kanelsnurrar er dagens […]
Les heile saka
Torsdag 15. desember klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til siste trim før jul i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile saka
UT.no har publisert den årlege oversikten over kva for turistforeiningshytter i Norge som er mest besøkt i turguiden UT.no. På femteplass finn vi Kristiansund og Nordmøre (KNT) si hytte i Innderdalen, nemleg Innerdalshytta.
Les heile saka
Jammen går det fort unna, vi er alt komne til den 12. desember og vi er halvveis inne i adventstida. Bak luke nr 12 fann vi også 2 gevinstar, og jammen var det eit ekte Todalsprodukt . Et glas med todalshonning har fått Lauvås som vinnar i dag. Gevinst nummer 2 er også kortreist, ei […]
Les heile saka
Fredag 16. desember, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til siste bakeriutsal før jul. Sidan dette er siste bakeriutsal før jul, ønsker Lia gard å gje bort ei julekorg full av god julebakst, til ein heldig vinnar som blir trekt ut blant dei som førehandsbestiller varer til utsalet deira på fredag.
Les heile saka
Knut Bergli i Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag kan melde om perfekte forhold på skeiseisen på Bordholmen stadion no. Det kalde vêret dei siste dagane har gjort at det har vore mogleg å lage is att.
Les heile saka
«Cinema Paradiso» er siste film ut i Seniorfilmklubben denne hausten, og blir vist på Surnadal kinoonsdag 14. desember klokka 12:00. Det er ikkje tilfeldig at akkurat denne filmen avsluttar haustsesongen, for få filmopplevingar er meir magiske enn denne italienske oscarvinnaren frå 1988.
Les heile saka
Eit nydeleg tilbakeblikk til hausten vart månadens bilete i november, og sikrar Ingri Bruset eit napp i å få årets bilete i 2022.
Les heile saka
Da er vi klare til å røpe kva som skjuler seg attafor luke nummer 11. Denne gongen er det også to gevinstar – den eine gevinsten er ein flott trebolle, som det står Bente Mogstad på og dermed så havnar den i Surnadal. Den andre gevinsten er ein flott gryteklut som nok hamna på Kvennset…. […]
Les heile saka
I dag, mellom klokka 11:00 – 14:00, hadde Start 4H rigga seg til med stand utanfor Matkroken Todalen, der medlemmer frå klubben selde kornband. Vinteren gjorde sitt inntog for nokre dagar sidan, med både snø og kuldegrader, gjorde at salet vart bra.
Les heile saka
Med dyrare straum er gode råd dyre, eller kanskje ikkje? Onsdag 7. desember lanserte Svorka den nye Svorka-appen som gir straumkundane full kontroll over eige straumforbruk. Appen er heilt gratis å laste ned og å bruke, og er tilgjengeleg for alle Svorka sine straumkundar.
Les heile saka