Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surt og kaldt, men opphaldsvêr under siste del av nasjonaldagsfeiringa

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 17. mai 2023

Det er mange år sidan det har vore så dårleg vêr under nasjonaldagsfeiringa i Todalen som i år, men da toget gjekk frå Todalen kyrkje til Bordholmen stadion var det i alle fall opphaldsvêr, sjølv om det var både surt og kaldt. 

Liturg under grunnlovsgudstenesta var Torbjørn Brøske. Foto: B G Ansnes

Siste del av nasjonaldagsfeiringa i Todalen vart innleia med grunnlovsgudsteneste i Todalen kyrkje. Rundt femti personar hadde teke turen til kyrkja for å få med seg grunnlovsgudstenesta til liturg Torbjørn Brøske. Han sette i preika si fokus på kor makteslause verdssamfunnet står ovanfor krigar, og da spesielt krigen i Ukraina. Det einaste verdssamfunnet, utanom naudhjelp, makter å bidra med, er å sende meir våpen påpeika han.

Dagens takkoffer gjekk til Todalen sanietsforening.

Toget klart til avgang frå Todalen kyrkje til Bordholmen stadion. Foto: Line M. Kvendset

Etter gudstenesta var det oppstilling av borgartog, der barnehagebarn og elevar frå Todalen og Stangvik oppvekstsenter med foreldre, saman med bygdefolket, var invitert til å gå i toget. Vêret tidlegare på dagen gjorde nok sitt til at oppslutninga ikkje var den aller største i år, men det var opphaldsvêr under heile turen frå Todalen kyrkje og ned til Bordholmen stadion, så det vart eit fint og langt tog sjølv om det var både surt og kaldt. Medlemmer i Surnadal hornmusikk og frivillige hadde gått saman og laga korps, så sjølv om Todalen ikkje har eige korps, så vart det korpsmusikk i borgartoget i år også.

Klare for eggeløp, med tennisball. Foto: B G Ansnes

På Bordholmen stadion delte 17. maikomiteen ut is til alle saman, og korpset fekk velfortent pølser i brød. Etterpå var det leiar for dei yngste. Så sjølv om vêret altså ikkje var det aller beste, så vart det ei fin feiring av nasjonaldagen.  

Fleire bilete frå siste del av nasjonaldagsfeiringa i Todalen ser du nedanfor: 

Publisert: 17. mai 2023, 16:53