Todalen sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 29. januar klokka 11:00. Bjørn Hovde er liturg, medan Bernt G. Bøe er organist.
Les heile saka
Todalen sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 29. januar klokka 11:00. Bjørn Hovde er liturg, medan Bernt G. Bøe er organist.
Les heile sakaLaurdag kan Surnadal hornmusikk endeleg få feira sitt 125-årsjubileum. Jubileet var i 2021, men på grunn av koronaen vart jubileumsfeiringa den gongen utsett. Laurdag 21. januar klokka 19:00 inviterer dei, saman med vener, til jubileumskonsert i Storstuå på Surnadal kulturhus klokka 19:00. Frode Alnæs er kveldens konferansier.
Les heile sakaDet fine vintervêret vi har harr dei siste dagane, tek nok snart slutt. Frå måndag og utover veka blir det ein mildare vêrtype og litt regn. Før helga forsett det med opphald og tildels fint vêr, med temperaturar som så vidt viser kuldegrader. På yr.no ser vi at det blir eit skifte frå måndag.
Les heile sakaDet er kyrkja i Surnadal som inviterer til fellesmiddag på Kyrkjehuset onsdag 25. januar, med start kl 16.30. Dersom du et middag åleine, kan det være triveleg å ete i lag med nokon eller kanskje kan det være godt å sleppe både matlaginga og oppvasken etterpå. Meld deg på og bli med på ein triveleg fellesmiddag!
Les heile sakaTorsdag 19. januar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile sakaFør jul fekk Surnadal kommune og Frivilligsentralen eit brev frå Møre og Romsdal Fylkeskommune. I brevet stod det at dei fekk 21.000 kroner til utdeling blant kommunen sine innbyggarar, som treng det mest i jula. Da Surnadal Sanitetsforening allereie var i gang med si utdeling, valde dei å venta til etter jul, da januar også kan vere ein særs vanskeleg månad for mange.
Les heile sakaTodalen Idrettslag har dei to siste tysdagane invitert til volleyball i gymsalen på Todalen skule. Dette er eit tilbod idrettslaget vil halde fram med på tysdagane framover, om det er interesse for det.
Les heile sakaI kveld inviterte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «hockeykveld» på Bordholmen stadion. Mange frå den «yngre garde» møtte opp for å spele ishockey på ein nypreparert og fin ishockeybane.
Les heile sakaBarne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag inviterer til «hockeykveld» på Bordholmen stadion i kveld frå klokka er 17:30. Dette fordi det ikkje heilt optimale forhold for «barn i løypa», og fordi det no er nypreparert is på Bordholmen.
Les heile sakaStyret i Surnadal kallar inn til årsmøte tysdag 24. januar klokka 19:30 i kommunestyresalen på Surnadal kommunehus. Vanlege årsmøtesaker. Det blir servering og kaffe.
Les heile sakaStyret i Surnadal Arbeiderparti kallar inn til årsmøte torsdag 16. februar klokka 19:00 på Thon hotel Surnadal. Vanlege årsmøtesaker. Saker som ønsker å få behandla på årsmøtet, må sendast skriftleg på e-post til olav.bergheim868@gmail.com innan torsdag 2. februar.
Les heile sakaHar du ønske om å ta ein trimtur på barmark – utan ski, så er Svinvikrunden eit godt alternativ akkurat no. Rett nok er det ikkje barmark heile runden, men det er godt å ga til fots. Og er du utrusta med gode vintersko med pigg, så er du på trygg grunn. Søndag var det fleire som nytta høvet til ein søndagstur på barmark.
Les heile saka